Store deler av formiddagen i Sunnmøre tingrett gjekk med til framvising av eksempel på det politiet meiner er seksualiserte bilete av jenter under 18 år. Bileta hadde i stor grad fokus på rumpe og bryst, jentene var kledde i åletronge, blanke klede, og jentene var avbilda i det mange vil kalle for utfordrande positurar.
I dei aller fleste tilfella er jentene kledde i forskjellige slag kostymar. I eitt av tilfella var jenta heilt naken.
Dei fleste bileta blei funne på eksterne harddiskar heime hos tiltalte. På den eine var det 167 127 filer, og på den andre 121 981 filer fordelt på 920 mapper.
- Les også:
Inger Myklebus Fersted er aktor i saka.
Foto: Terje Reite / NRKMange kopiar
Politiet understrekar at mange av filene var kopiar, nokre bilete var lagra fleire gonger, og sikkerheitskopiering av harddiskane har truleg også skapt kopiar av bileta. Talet på originalfiler er dermed mindre. Ei av årsakene til at talet på bilete er høgt, er at fotografen har innstilt kamera på kontinuerleg bilettaking i seriar med mange bilete på få sekund.
– Dette er likevel eit stor beslag, sa Kurt Kim Stige i politiet, som også presiserte at ikkje alle biletfilene var ulovlege bilete.
- Les også:
Video
Godt over halvparten av bileta som politiet fann var studiobilete. Dei fann også video som er teke i studio. Politiet karakteriserte lagringa som delvis rotete. Bileta var katalogisert i mapper, markert med fornamn.
Politiet i Ålesund har fått hjelp av Kripos til å gå gjennom videomaterialet. Av 724 filmar har politiet karakterisert 288 som ulovleg seksualiserte filmar. Denne delen av beslaget tilsvarar 15 timar med film. Også her går mykje av dei some opptaka igjen i fleire videofiler.
Ga instruksar
Retten fekk tysdag også sjå video som viste korleis fotograferinga gjekk føre seg. I videoane er det også lyd som viser kva kommunikasjon som var mellom jentene og fotografen. Her gjev fotografen beskjed til jentene om korleis dei skal bevege seg, for eksempel kva dei skal gjere med beina. Han gjev også til uttrykk til jentene om kor heftig det er, og kva inntrykk dette gjev på han.