Prosjektet blir sett i gang i samarbeid med Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, og har vore prøvd ut i Tønsberg med positivt resultat. I år er det Ålesund og Harstad som står for tur. Prosjektet skal skape samhald innan handelsnæringa i kommunen, og skal gjere Ålesund til ein meir attraktiv by.
Stort løft
Etter kvart kan prosjektet komme til å inkludere andre byar og tettstadar i fylket, men i første omgang er det butikkleiarar i Ålesund som får tilbod om kurs i service og kundebehandling.
Anne Nerbøvik er styremedlem i Ålesunds Handelsforening. Ho har stor tru på at handelsnæringa i Ålesund kommune kan få eit stort løft gjennom dette prosjektet.