Hopp til innhold

Aktiv kulturhelg

Ungdommens kulturmønstring sette også denne helga preg på kulturlivet i Møre og Romsdal. Rubbel

Ungdommens kulturmønstring Molde
Foto: Solveig Hjelle, Molde videregående skole

I Molde gjekk det i alt frå black metal til tamilsk dans.

"Rubbel" rapporterer

Ungdomsnettsida "Rubbel", ved reporter Solveig Hjelle, rapporterer frå mønstringa på denne måten:

I år 'blastet' flere rocke-band, dansere, talentfulle kunstnere og en tamilsk duo publikum under UKM-konkurransen. Det var likevel skuffende mange ledige seter da arrangementet begynte. Rockeband som High Octane, Pure Faen og Embered Eyes satt tidlig en høy standard på konkurransen.

Les heile reportasjen frå UKM i Molde.  Du må vere pålogga for å lese reportasjen.

Hip-hop, nynorsk og akrylmåleri

Frå Ørsta rapporterer "Rubbel-reporter" Susanne Egset om følgjande:

Emma Elise og Anna UKM Orsta

Jentetrioen Emma, Elise og Anna.

Foto: Susanne Egset

UKM i Ørsta i år kunne by på alt frå musikk i alle sjangrar til hip hop-dans, nynorsk, akrylmåleri og fotografi. Jentetrioen Emma, Elise og Anna debuterte alle kvar for seg med musikk på UKM i fjor, og kom saman for første gong i høve Kulturmønstringa i Ørsta i år med musikkinnslag.

Les heile reportasjen om jentetrioen.  Du må vere pålogga for å lese denne reportasjen.

Frå klassetur til Polen

Fleire av ungdommane stiller ut kunst.   Slik var det også i Ørsta:

Elise Marie Vatne var ein av 5 som stilte ut kunst på Ungdommens Kulturmønstringa i Ørsta i år, i tillegg til at ho var med på to sceneinnslag som vokalist. Ho stilte ut eit bilete frå kvinneleiren Ravensbrück ho tok då ho var på klassetur til Polen, med sjølvskrive dikt attåt. Elise Marie er svært interessert i fotografi, og likar godt å fotografere og redigere bilete sjølv.

Miriam Korsfur

Miriam Korsfur.

Foto: Susanne Egset

Besøk i leiren

- Motivet på bilete eg har stilt ut er av skytegangen i Ravensbrück, der kvinnene blei lurt til å tru at dei fekk gå fri, men vart skotne i staden. Då vi var på besøk i leiren, låg der ei gul rose på bakken i nettopp denne gangen, og det er denne rosa som representerer sviket kvinnene blei utsett for, som eg har skrive i diktet som heng saman med biletet.

Les heile reportasjen om Else Marie Vatne.  Du må vere pålogga for å lese denne reportasjen.

 

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL