Hopp til innhold

Aksjonerte mot bruk av privat mobil

Dei tre siste vekene i september hadde lærarar i Sykkylven ein aksjon, der dei ikkje ville bruke sin private mobiltelefon i arbeidssamanheng. Lærar Grete Helen Tynes seier dei ønskjer å løfte fram saka, at kommunen skal ta ansvar. Kommunalsjef i Sykkylven, Bjørnar Midtbust, seier at dei jobbar med å skaffe seg oversikt over kva reglar som gjeld for bruk av privat mobiltelefon i skulen. Tillitsvald for lærarane og kommunen skal ha eit møte 23. oktober for å kome fram til ei løysing.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL