Hopp til innhold

Aksjonen Ett sjukehus refsar Ripnes

- Vi har ingen skjult dagsorden. Det viktigaste for oss er det tilbodet eit sjukehus skal gje, så får vi etterpå diskutere kvar det skal byggjast, seier leiar Per Gunnar Kroknes i aksjonen Ett sjukehus.

Aksjonsleder Per Gunnar Kroknes
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Ordførar Dagfinn Ripnes skuldar aksjonen for eitt sjukehus i Nordmøre og Romsdal for eigentleg å arbeide for eit storsjukehus på Hjelset i Molde. - Heilt feil, seier Kroknes.

 - Avsporing

- Her har den fantastiske helsepolitikaren Dagfinn Ripnes eigentleg er, spora heilt av. Vi har vore krystallklare på at det er det helsefaglege tilbodet ved det nye sjukehuset vi vil diskutere, seier Per Gunnar Kroknes.

- Ripnes kallar oss også ein romsdalsaksjon. Eg minner om at det er solid fleirtal for eitt sjukehus i to nordmørskommunar forutan Nesset, seier han.

Helsetilbod

- Det dreier seg ikkje om arbeidsplassar i den enkelte kommunen. Det dreier seg om helsetenesta til innbyggjarane i heile regionen. No må fogderipolitikarane i Kristiansund og Molde besinne seg og diskutere helsetilbod og ikkje lokalisering, seier aksjonsleiar Per Gunnar Kroknes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL