Hopp til innhold

Bilen sin «svarte boks» kan gi viktige svar i alvorlege trafikkulykker

Mange nyare bilar har eige minne. No håper politiet at det kan gi verdifulle svar når dei etterforskar trafikkulykker.

Ulykka i Blindheimstunnelen fredag kveld.

TUNNELEN: Det var fredag kveld at to bilar kolliderte i Blindheimstunnelen i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det har vore ein dramatisk auke i dødsulykker så langt i år.

I Ålesund døydde to kvinner etter ei alvorleg ulykke fredag kveld. Ei tredje kvinne ligg framleis på sjukehus og er alvorleg skadd.

No håper politiet at ny teknologi kan gi viktige svar på kva som har skjedd.

«Svarte boksen»

Eit viktig etterforskingsskritt for politiet er å få tak i informasjon frå det som ein kan samanlikne med flya sine «svarte boksar».

– I nyare bilar er det ofte verdifull informasjon ein kan hente ut. Vi håper at det kan gi viktige svar om forløpet til ulykka, seier Magne Kvalvik.

For i nokre nyare bilar er det installert det som blir kalla EDR (Event Data Recorder), som lagrar viktig informasjon fem sekund før airbagen blir utløyst.

– Den kan seie noko om farta på bilen og om bremselysa er aktivert til dømes, seier Jens Petter Storrø, som er senioringeniør i Statens vegvesen. Han uttalar seg på generelt grunnlag i denne saka.

Det er venta at alle bilar i Noreg etter kvart skal ha denne funksjonen. I USA er det eit krav at alle bilar skal ha EDR, og dette kravet vil også komme til Europa i 2024.

– Denne funksjonen vart utvikla for å betre sikkerheita i bilane, seier Storrø.

Les også To kvinner omkom etter tunnel-kollisjon i Ålesund

Det har vore ei alvorleg trafikkulukke i Blindheimstunnelen i Ålesund seint fredag kveld

Har video av ulykka

Politiet har også sikra seg video av ulykka inne i Blindheimstunnelen. No ventar dei på svar frå dei tekniske undersøkingane.

– Vi har gjennomført avhøyr av dei involverte, og gjort tekniske undersøkingar av åstaden. No ventar vi på å få gjennomført tekniske undersøkingar av bilane, seier han.

Magne Kvalvik, politiadvokatt

POLITIET: Politiadvokat Magne Kvalvik seier dei prøver å finne ut kvifor den eine bilen kom over i motsett køyrefelt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kvalvik seier dei også har tatt mobilen til føraren som no er sikta og vil gå gjennom denne.

Den sikta er ei kvinne i 20-åra. Ho er sikta etter vegtrafikkens paragraf 3, som handlar om aktløyse i trafikken

Politiet seier dei førebels ikkje vil utvide siktinga, men at dette er noko blir vurdert fortløpande.

Advokaten til den sikta kvinna, Reidar Andresen, seier til NRK at han ikkje vil kommentere saka før politiet har kome lenger i etterforskinga.

Les også Kvinnene omkom da de var på vei hjem fra sommershow

Blindheimstunnelen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL