Hopp til innhold

Air Baltic-varslaren nominert til pris

Air Baltic-varslaren Lars Erik Engstrøm frå Ålesund angrar ikkje på at han ringde politiet. No er han nominert til «Norske Helter».

Air Baltic-varsleren Lars Erik Engstrøm

Lars Erik Engstrøm frå Ålesund varsla om dei påverka flytilsette.

Foto: ERLING LANGELAND/NINA DIDRIKSEN / NRK

Det er to månader sidan heile flymannskapet blei pågripne av politiet på Gardermoen då dei skulle til Kreta med over 100 norske charterturistar, skriv VG.

Seinare viste det seg at fire av dei fem var påverka av alkohol, og dei blei dømde til fengsel utan vilkår.

Og det var Lars Erik Engstrøm frå Ålesund som varsla politiet om at mannskapet hadde drukke alkohol på hotellet der han var nattevakt. Då han fekk vite at dei skulle vere med på ein avgang tidleg morgon neste dag, valde han å varsle politiet.

For på denne måten å ha avverja ein flytur som kunne fått svært alvorlege følgjer, er 27-åringen no nominert til «Norske heltar». Det er ei kåring som blir arrangert av VG, Gjensidigestiftelsen og TV Norge.