Hopp til innhold

Åheim skule gjekk heilt til topps i nasjonal konkurranse

Åheim skule i Vanylven vart tysdag krona til vinnaren av Leger Uten Grenser si «gløymde kriser- konkurranse» og får dermed årets Témoignagepris.

10 klasse Åheim skule

Då Venstres partileiar Trine Skei Grande besøkte kommunen av andre årsaker, sørga elevane for å overlevere appellen med ei klar oppfordring om at ho skulle ta det med til Stortinget.

Foto: Åheim skule

Kvart år lanserer Legar Uten Grenser ei liste over ti gløymde kriser som ikkje får nok merksemd i media. Meir enn 5000 elevar frå heile landet har i haust deltatt i konkurransen «gløymde kriser», og i dag vart vinnaren kåra. Tysdag fekk tiande klasse ved Åheim skule den gledelege nyheita.

– Vi hadde akkurat pause i kommunestyremøte i Vanylven då eg fekk meldinga. Eg vart så glad at eg byrja å grine, så det vart ei gladsak for Vanylven kommune i dag, seier læraren for klassa Marte Myklebust lattermild.

– Eg er utruleg stolt av elevane og det dei har fått til, held ho fram.

– Veldig imponerande

I grunngivinga til juryen står det mellom anna at elevane frå Møre og Romsdal har engasjert politikarar, aviser og lokalsamfunn gjennom sitt bidrag.

– Det er ikkje tvil om at desse elevane har bidratt til auka fokus på menneska som lever i gløymde humanitære kriser. Det er stort at dei klarer å nå fram på denne måten, det er veldig imponerande, seier feltarbeidar og prosjektkoordinator for skuleprosjektet, Emilie Bergene.

Elevane laga ein appell og kom med forslag til korleis Noreg og regjeringa kan hjelpe fem av dei ti gløymde krisene. Då Venstres partileiar Trine Skei Grande besøkte kommunen av andre årsaker, sørga elevane for å overlevere appellen med ei klar oppfordring om at ho skulle ta det med til Stortinget.

– Når vi høyrde at ho skulle kome til Vanylven greip vi sjansen, og dokumentet vårt gjekk heile vegen til Spørjetimen på Stortinget. Det er heilt fantastisk for elevane å sjå at det nyttar å heve stemma si, seier Myklebust.

Lærerik erfaring

Myklebust fortel at elevane har lært mykje av å jobbe med denne problemstillinga.

– Det har vore eit slikk utanfor læreboka og ei aha-oppleving for mange av elevane. Det var blant anna mange som aldri hadde høyrt om malaria. I tillegg har elevane lært mykje om likestilling i ulike land, seier ho.

16. desember reiser fem av elevane til Oslo for å ta imot prisen på Leger Uten Grenser sitt kontor.

– Det blir vanskeleg å avgjere kven av elevane som får reise, men alle elevane skal levere ein søknad der dei argumenterer for kvifor akkurat dei burde få reise, seier Myklebust.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL