NRK Meny
Normal

Tek ikkje attval

Åge Austheim i Framstegspartiet, tek pause frå lokal- og fylkespolitikken. Bystyre og fylkesting blir skifta ut til fordel for legespesialisering.

Åge Austheim
Foto: Trond Vestre

Kristiansundaren Åge Austheim har i fleire år markert seg som ein av dei sterkaste talspersonane for å få lagt det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal til Krifast-området, og aller helst til Storbakken. Saka har engasjert han både som politikar og tillitsvald i Yngre Legers Forening.

Til St. Olavs Hospital

– Eg takkar nei til attval ved kommune- og fylkestingsvalet neste år, fordi eg må gjere ferdig spesialistutdanninga mi i indremedisin- og hjartesjukdomar. Det blir for tidkrevjande å kombinere spesialisering på full tid med lokal- og fylkespolitikk, seier Austheim.

Difor skiftar han arbeidsstad frå Kristiansund sjukehus til St. Olavs Hospital i Trondheim frå neste år av. Der blir han verande i tre år.

Før han drar, får han med seg debatten om tomtevalet for fellessjukehuset i desember.

Åge Austheim var med i Frei kommunestyre frå 2003 og kom inn på Fylkestinget frå 2007. Han har også vore 2. nestformann i Framstegspartiets Ungdom og 2. vararepresentant til Stortinget frå Møre og Romsdal.

Trass i at han no blir borte frå lokal – og fylkespolitikken i nokre år, ser han likevel ikkje vekk frå at han kjem tilbake til politikken ved ein seinare korsveg.