Hopp til innhold

Eirik (11) bad dommaren annullere målet

Eirik Grevsnes Bjørdal på gutelaget til Ørsta vert hylla av fotballkretsen. Etter at han scora, gjekk han bort til dommaren og sa at det var angrep på keeper og at målet ikkje burde bli godkjent.

Eirik Grevsnes Bjørdal

Eirik Grevsnes Bjørdal på gutelaget til Ørsta bestemte seg for å vere ærleg. Derfor sa han frå til dommaren at han hadde angripe keeperen då han scora mål.

Foto: Eline Sundal / NRK

Måndag kveld var det kamp mellom Ørsta og Folkestad G11. Eirik Grevsnes Bjørdal gjekk i duell med keeperen og heada ballen i mål. Dommaren blåste i fløyta og dømde scoring, men kjensla til Eirik var ikkje så god som den plar vere etter eit mål. Han gjekk difor bort til dommaren og bad om at målet måtte bli annullert.

– Det var eigentleg angrep på keeper, og det fortalde eg til dommaren. Eg måtte seie noko, for eg likar ikkje å ha så dårleg kjensle, fortel Bjørdal.

Laget hans leia med mange mål, og 11-åringen såg at motstandarane vart glade då han påpeikte feilen sin.

– Eg følte meg litt god når eg innrømte at det ikkje var mål, seier Bjørdal.

Aldri opplevd dette før

Stig Helland

Dommar Stig Helland har aldri opplevd at ein spelar har bedt om å få målet annullert før.

Foto: privat

I sosiale medium i dag får 11-åringen skryt for oppførselen sin. Dommar Stig Helland har aldri opplevd ein så ærleg fotballspelar før. Sjølv fekk han ikkje med seg at det skjedde noko gale.

– Eg spurte om han var heilt sikker på at det var angrep på keeper, og han svarte at det følte han. Då annullerte vi scoringa og keeperen fekk frispark, seier Helland.

Dommaren meiner dette er eit kjempeeksempel på fair play. Han er imponert over at ein 11-åring tenkjer slik.

Årets forbilde i fotballen

Bjørn Oskar Haukeberg

Bjørn Oskar Haukeberg i Sunnmøre fotballkrets, meiner 11-åringen må vere årets forbilde.

Foto: Arne Flatin / NRK

Helland skreiv mail til Sunnmøre fotballkrets om opplevinga, som dei har delt i sosiale medium.

– Denne 11-åringen er årets forbilde i fotballen, utan tvil, seier dagleg leiar i Sunnmøre fotballkrets, Bjørn Oskar Haukeberg.

Kretsen avviklar tusenvis av kampar kvart år i barnefotballen. Erfaringa er at det sjeldan oppstår krangel og munnbruk i breiddefotballen.

– Dei fleste kampar føregår i god fair play-ånd. Det uvanlege i denne saka er at guten turte seie frå til dommaren, seier Haukeberg. Han meiner at dette er eit strålande døme på at fotballen kan vere svært annleis enn den folk ser på tv.

Stolt trenar

Runar Vatne er trenar for Ørstalaget. Han fekk ikkje med seg situasjonen, men er stolt over spelaren.

– På kvar trening og før kvar kamp har vi fokus på fair play, og det har Eirik verkeleg fått med seg, seier Vatne.

Eirik Bjørdal skal spele kamp igjen fredag og skal fokusere på fair play då også, men innrømmer at det kan vere vanskelegare dei gongane laget ligg under med mange mål.

– Då kan vi bli sure og ikkje vere så opptatte av det, seier 11-åringen.

G11 Ørsta

Gutelaget til Ørsta har fått stor merksemd etter kampen mot Folkestad. Eirik Grevsnes Bjørdal er ikkje på biletet, som vart tatt i eit anna høve.

Foto: privat