Hopp til innhold

Adventstid er høgtid for brann

I dag tenner vi det første lys, og fleire skal det bli. Advent er høgtid også for brannar rundt om i heimane.

Adventslys og snø

Levande lys høyrer desember til, men dessverre gjer lyshyggen at faren for brann aukar.

Foto: Tor Andre Johannessen

Ventetida fram mot jul er i gang i alle norske heimar. 1.desember er dagen då den lilla pynten er på plass og lysa står klare til å verte tende.

Men levande lys fører også til at brannfaren aukar betydeleg.

Brannsikker førjulstid

Endre Dahlen

Endre Dahlen er branninspektør i Molde Brannvesen.

Foto: Roar Strøm / NRK

I tillegg til å vere første dag i advent er 1.desember er «Røykvarslerens dag» og opninga av aksjonsveka «Aksjon boligbrann».

Den landsomfattande informasjonskampanjen vil sette eit massivt søkjelys på branntryggleik i private heimar.

– Vi ønskjer at alle skal ha ei brannsikker tid før jul, fortel branninspektør Endre Dahlen i Molde Brannvesen.

Han er ein av dei som i veka som kjem vil bidra til at alle får eit auka fokus på branntryggleik.

Levande lys og tørrkoking

Det er ikkje tilfeldig at «Aksjon boligbrann» skjer i desember, som normalt er årets verste brannmånad.

Når dei levande lysa er framme og når folk lagar meir mat enn vanleg, ser ein ofte ein auke i talet på bustadbrannar.

I Noreg er det nesten 50 prosent fleire brannar i desember enn i andre månader, seier Dahlen.

– Levande lys og tørrkoking er dei hyppigaste brannårsakene i desember, fortel branninspektøren.

– I Møre og Romsdal byrjar 17 prosent av alle bustadbrannar på komfyren. Folk gløymer eller sovnar frå maten. siom er dei hyppigaste årsakene.

«Røykvarslerens dag»

Informasjonskampanjen «Aksjon boligbrann» opnar med «Røykvarslerens dag» søndag 1.desember.

Med «Røykvarslerens dag» er ønskjet å få fokus på det enklaste hjelpemiddelet ein har for å beskytte seg mot brann i eigen bustad, nemleg røykvarslaren.

Sjekker røykvarsler

Få sjekkar batteriet i røykvarslaren sin. Det vil «Aksjon boligbrann» gjere noko med.

Foto: Colorbox

Tørrkoking

Tørrkoking er ein av dei hyppigaste årsakene til bustadbrannar i desember.

Foto: Brann- og redningsetaten i Oslo
– Røykvarslaren kan varsle deg om det brenn, og du har moglegheit til å kome deg ut av huset før det har oppstått ein full brann.

– Det er svært viktig at folk sjekkar at røykvarslaren fungerer slik som han skal, oppfordrar branninspektør Endre Dahlen i Molde.

Han seier det er lurt å ha «Røykvarslerens dag», slik at folk hugsar å sjekke røykvarslaren.

– Når vi er rundt på kontrollar er at mange som har røykvarslar, men få huskar når dei bytte batteri sist. Nettopp difor er det greit å ha ein eigen røykvarslardag å forhalde seg til, slik at alle uansett kan skifte batteri denne dagen.

Brann i eigen bustad

8 av 10 som døyr i brann, døyr i bustadbrannar. Det vil Dahlen og brannvesenet gjere noko med, og første steg er å få folk til å kontrollere røykvarslaren sin.

– Dessverre er folk mest utsette for å omkome i brann i bustadar. Difor har denne aksjonen fokus på nettopp branntryggleik i eigen bustad, seier Endre Dahlen.

For at folk skal få ein trygg kvardag også i eigen bustad, reiser brannvesenet rundt og informerer folk om kva som er lurt å tenkje på.

– Vi snakkar om kva som er lurt å ha i bustaden sin i forhold til branntryggleik og går gjennom rømmingsforholda og korleis ein skal bruke elektrisk utstyr på rett måte.