Hopp til innhold

Advent : Sjå svaret frå luke 6

I dag seier vi ikkje noko om kvar i landet vi skal. For dette er litt av sjølve oppgåva.

Ellen Marie Hansteensen er på veg heim. Kva slags hus bur ho i, og kva er namnet på staden?

Adventskalender. Oppgåve 6. desember

Men når du set i gang videoen her, vil du med ein gong sjå at vi er ute ved kysten. Oddgeir Bruaset og medarbeidarane hans har nemleg vitja Ellen Marie Hansteensen.

Ellen Marie Hansteensen er på veg heim. Kva slags hus bur ho i, og kva er namnet på staden?

Spørsmål i adventskalenderen 6. desember

Vi har trekt ut ein vinnar blant dei mange hundre frå heile landet som har sendt inn rett svar. Vinnaren denne gongen er Unn Linge Valdal frå Valldal på Sunnmøre.

I denne videoen ser du det rette svaret:

Dette er svaret på oppgåva i luke seks.

Ellen Marie Hansteensen bor i det som var fyrvoktarboligen på Litløy fyr i Bø i Vesterålen

Svaret til vinnaren

Premien er noko som er henta frå serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det er eit eksklusivt krus frå garden som var tema i konkurransen 1. desember. Fram til 1. desember var det berre deltakarar i programmet som hadde fått desse krusa.

Du kan sjå alle utgåvene frå alle sesongane av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» i NRK.no sin Nett-TV.