Hopp til innhold

– Håper nokon må pakke saman og gå

Bestefaren til Ada Hegerberg, Thor Stolsmo, er stolt over at barnebarnet tør å kritisere NFF. Han støttar henne i å seie nei til å halde fram på fotballandslaget.

Thor Stolsmo

Bestefar Thor Stolsmo og kameraten hans, Olav Hoseth, diskuterer om det var riktig av Ada Hegerberg å forlate landslaget.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Det har storma rundt fotballspelaren Ada Hegerberg denne veka. Etter at ho trekte seg frå vidare spel på landslaget, har ho fått støtte fra enkelte og skarp kritikk fra andre.

Bakgrunnen for landslagsnekten er at 22-åringen frå Sunndal meiner Norges Fotballforbund ikkje er bra nok verken når det gjeld planlegging, gjennomføring eller oppfølgjing.

I heimbygda Sunndalsøra er støtta til den lokale fortballstjerna stor. Særleg frå dei som kjenner henne ekstra godt.

– Dei har site i styre og stell i 30 år og er utgått på dato, seier bestefaren til Ada, Thor Stolsmo, som er stolt over at barnebarnet seier ifrå.

– Toler ikkje høyre på andre meiningar

Ada Stolsmo Hegerberg ser skuffet ut under gruppespillkampen i Algarve Cup mellom Norge og Island på

Ada Hegerberg (22) sluttar på landslaget.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Ada Hegerberg meiner kritikken hennar retta mot NFF har vore konstruktiv og tydeleg over ein lang periode, men at dei ikkje har tatt det til seg.

Bestefar Thor Stolsmo trur rett og slett at leiinga i fotballforbundet ikkje toler å ta til seg andre meiningar.

– Dei tenkjer vel at det er dei sjølve som sit på fasiten, slår han fast.

– Meiner du barnebarnet ditt har gjort det rette?

– Det kan diskuterast, men ho har i alle fall gjort det som bør gjerast for å få sett fart på dette. Dersom ingen har meiningar om dei, så får dei halde fram i ti år til.

– Håper nokon må pakke saman og gå

Ada Hegerberg blir omtalt som den største norske fotballstjerna på kvinnesida, og då Lyon-spissen tysdag sendte ut pressemelding om at ho seier nei til landslaget, understreka ho at det hadde vore ei vanskeleg avgjerd.

– Avgjerda er ikkje berre ein konsekvens av årets EM, men er basert på mine erfaringar med landslaga over lang tid.

Bestefar Thor Stolsmo meiner leiinga i fotballforbundet gjer ein for dårleg jobb, og at ingen har sagt frå om det før Ada gjer det.

– Dei treng nokon som forstår seg på fotball, men dei har problem med å forstå kva Ada seier.

– Eg håper nokon må pakke saman og gå.