Aasen tilbake som ordførar

Jon Aasen frå Arbeidarpartiet er tilbake som fylkesordførar i Møre og Romsdal.

Aasen blei valt under fylkestinget i Geiranger i går med støtte frå Senterpartiet, Venstre, Sunnmørslista og SV.

For første gong på mange år skjedde valet av ny fylkesordførar utan mishagsytringar og krangling.

Men Frank Sve frå Frp trur at Aasen som skal styre med knappast mogleg fleirtal, får problem med Sunnmørslista.