Statsminister Jens Stoltenberg gjorde det klart i går at regjeringa ikke vil stille krav om CO2-rensing fra oppstarten av.
– Ei svært viktig prinsippavgjerd og eit gjennombrot som banar veg for gasskraftverk i Fræna, meiner Aasen.
Aasen tek det som ei sjølvfølgje at CO2-vedtaket er eit prinsippvedtak som ikkje berre gjeld Mongstad men Noreg som nasjon.
No banar regjeringa veg for eit gasskraftverk som kan stå klart i 2009. For i Fræna har Industrikraft Møre med Hustadmarmor i spissen planane klare.
Den dagen interessentane bak gasskraftverket i Fræna sender inn søknaden, så tek Aasen det som ei sjølvfølgje at svaret blir positivt.
– Det skulle elles berre mangle, for Møre og Romsdal er det området i landet som er verst stilt når det gjeld elektrisk energi, seier Jon Aasen.