Hopp til innhold

Fryktar at psykiatri brukar opp sjukehuspengane

Sjølv om bygging av sjukehus i Nordmøre og Romsdal har førsteprioritet, fryktar fylkesordførar Jon Aasen at psykiatribygg i Trondheim vil stikke av med pengane.

Jon Aasen

Nytt felles sjukehus har førsteprioritet i budsjettplanen til Helse Midt-Norge. Men Jon Aasen er ikkje trygg på at det skjer.

Foto: Trond Vestre / NRK

I dag vedtok styret i Helse Midt Noreg at bygginga av nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal har førsteprioritet i investeringsplanen dei komande seks åra. Men fylkesordførar Jon Aasen føler seg likevel ikkje trygg. Det er lenge att før første spadetak vert tatt. Det er ikkje ein gong bestemt kvar sjukhuset skal ligge. Den avgjerda vert ikkje teken før om eit år.

– Det store spørsmålet er om det blir så stort press på sjukehusinvesteringa at andre prosjekt vil gå forbi, seier Aasen.

LES OGSÅ:

Ja, takk begge deler

Styret seier at sjølv om sjukehus har førsteprioritet, betyr ikkje det at andre satsingar skal vente. I går ga dei grønt lys for at St.Olavs skal arbeide vidare med planane om eit nytt psykiatribygg i Østmarka.

Aasen meiner det vil bli eit hardt press på økonomien og at det er umogleg å bruke dei same pengane fleire gongar.

– Eg vil ikkje vere paranoid, men å seie at ein klarer begge deler samtidig er farleg for Møre og Romsdal, seier Aasen.

Marthe Styve Holte

Marthe Styve Holte meiner at ingen andre prosjekt kan kome i vegen for nytt sjukehus.

Gledens dag

Staten finansierer 70 prosent av sjukehuset gjennom låneopptak. Resten er det helseføretaket som må skaffe gjennom om å få eit overskot på drifta. Prislappen er rekna til å bli mellom 3,7 og 4, 2 milliardar kroner.

Styreleiar Marthe Styve Holte meiner at ingen andre prosjekt kan kome i vegen for det nye sjukehuset. Ho meiner dette er ein gledens dag.

– No skal pasientane få det mest moderne sjukehuset i heile regionen, seier Styve Holte. Ho er trygg på at finansieringa vil vere på plass når tida er inne for å starte bygginga.