NRK Meny
Normal

Aasen avviser Navarsete-påstand om E39 i Nordfjord

– Eg har ikkje den makta i Arbeidarpartiet, seier fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal. Før helga fekk han skulda for at trasévalet for E39 gjennom Nordfjord dreg ut i tid.

Jon Aasen og Liv Signe Navarsete

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete meiner fylkesordførar Jon Aasen (AP) er proppen som forseinkar traseval på E39 gjennom Nordfjord. Aasen avviser dette.

Foto: Trond Vestre / NRK

Paneldebatt E39

Det var under E39-debatten i Førde før helga, at Navarsete sa fylkesordføraren i Møre og Romsdal dreg ut spørsmålet om E39 gjennom Nordfjord.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Fergefri E39 - Kart

Ein ferjefri E39 inneber mange fjordkryssingar. Det er framleis usemje om fleire av desse.

Foto: Statens vegvesen

Det var under E39-debatten i Førde Senterpartileiar Liv Signe Navarsete peika på Aasen når det vart spørsmål om kvifor saka tek tid å avklare.

– Me ser at fylkesordføraren i Møre og Romsdal har lagt seg veldig tungt inn i saka, sa Navarsete der.

Ho meiner at Aasen kan ha vore ein vel så stor grunn til at saka dreg ut, som dei lokale politikarane.

Debatten om ferjefri E39 går fleire stader langs kysten. I Møre og Romsdal har fylkestinget gjort vedtak om at dei vil gå for Møreaksen når dei skal krysse Romsdalsfjorden. Lenger sør vil dei krysse Storfjorden mellom Hareid og Sula .

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har vedteke at dei går for Anda-Lote. Men det er framleis stor strid om trasevalet.

– Forventa at eg bruker politiske kontaktar

Jon Aasen

– Eg har ikkje så mykje makt, seier Jon Aasen om påstanden til Navarsete.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dette kokar ned til at me har eit veldig tydeleg vedtak i Fylkestinget i Møre og Romsdal når det gjeld traseval, og det er det trasévalet eg arbeider for, og er einig i, seier Aasen.

Han avviser at han har makt nok til å snu Arbeidarpartiet sentralt, og viser til at dersom fylkeslaget i Sogn og Fjordane meinte motsett av han, ville han ikkje klart å kjempe i mot det. Likevel innrømmer han å ha jobba inn mot partiet sentralt, for å snu dei i den retninga Fylkestinget i Møre og Romsdal har gått.

– Ja, det har eg gjort, og det trur eg nok Fylkestinget i Møre og Romsdal forventar at eg gjer. Det blir venta at ein bruker sine politiske kontaktar i viktige saker, og det har eg gjort.

– Ho prøver å finne ein syndebukk

Prosjektet med å få E39 ferjefri, vil medføre fleire fjordkryssingar i mange fylke. Dermed er det mange som skal gjere vedtak om kvar vegane skal gå.

I Sogn og Fjordane står det mellom to alternativ, og diskusjonen står mellom regjeringspartnerane Senterpartiet og Arbeidarpartiet .

– Eg trur ho gjer det for å finne nokon som er syndebukk for at ho ikkje når fram sjølv. Eg har ikkje den makta i Arbeidarpartiet, at fylkestinget i Møre og Romsdal greier å snu partiet sentralt, seier Aasen.