Hopp til innhold

Misnøgd med situasjonen i Japan

Den tidlegare Aalesund-spelaren Tor Hogne Aarøy kan vere inne i dei siste månadene som proff i Japan. Men han vil halde fram i fotballen minst ein sesong til.

Tor Hogne Aarøy

Tor Hogne Aarøy har hatt ein skuffande sesong i JEF United i Japan. Han kan vere inne i dei siste månadene som proff i JEF United.

Foto: NRK

Avisa Sunnmørsposten fortel i dag om ein frustrert Aarøy, som den siste sesongen i stor grad har sete på benken i det japanske laget JEF United.

– Eg veit ikkje kva som skjer no. Kontrakten går ut ved nårsskiftet. Klubbleiinga har ikkje gitt nokon signal om at dei ønskjer å gje meg ny kontrakt. Samstundes veit eg at fleire japanske klubbar er interesserte, seier Aarøy til Sunnmørsposten.

Kjølig forhold til japansk trenar

Tida i japansk fotball byrja positivt for ålesundaren. Han var fast på laget så lenge laget hadde nederlandsk trenar. Då den nederlandske trenaren fekk sparken, og det blei tilsett ny japansk trenar, starta nedturen for Aarøy.

– Men no i det siste har eg faktisk fått spele litt. Det kan verke som om trenaren plutseleg har oppdaga at eg er ein god hovudspelar. Eg trur han har oppdaga det no heilt nyleg, seier Aarøy.

– Truleg til play-opp

JEF United er no på 6. plass i divisjonen på nivå 2 i Japan. Det er rekna som ei skuffande plassering for laget som har vore blant dei beste i landet.

Trenaren ryk om det ikkje blir opprykk. Det er heilt klart. Det er berre to serierundar att, og vi har fire poeng fram til direkte opprykk. Vi hamnar truleg i playoff om ein ledig plass i J-League 1, seier Aarøy.

Flyttar heim

Familien Aarøy har planar om å flytte attende til Ålesund når utanlandsopphaldet er over. Men Aarøy vil ikkje vere tydeleg på om han ønskjer seg attende til AaFK.

– Eg er open for alt. Men eg veit ikkje om AaFK vil ha meg. Så langt har eg ikkje snakka med klubben om sånt, seier Aarøy.

Overfor Sunnmørsposten ønskjer ikkje klubbdirektør Henrik Hoff å seie noko om Aarøy kan vere aktuell for klubben eller ikkje. Men han slår fast at det ikkje er plass til både Tor Hogne Aarøy og Sander Post.

To så like spelarar kan ikkje vere i stallen samstundes. Det har vi verken råd til eller bruk for, seier Hoff.