Hopp til innhold

Aarøy går til JEF United i Japan

Verdas høgste spiss (204 cm) går til den japanske klubben JEF United. Overgangen blir langt på veg stadfesta av Aafk-direktør Henrik Hoff.

Tor Hogne Aarøy

Verdas høgaste forballspelar er straks på veg til japansk fotball.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

JEF United spelar i japansk 2.divisjon. Klubben held til i byen Chiba, fire mil utanfor Tokyo.

– Aarøy har sagt at dette er noko han ønskjer sterkt. Vi føler vi ikkje kan øydeleggje dette eventyret for han no når han er på tampen av karrieren, seier Henrik Hoff til Sunnmørsposten.

Japansk 2.divisjon

Den japanske sesongen er akkurat avslutta. JEF United hamna på 4. plass. Det er dei tre øvste laga som rykkjer opp. Det blir dermed 2.divisjons-spel for Aarøy når han hamnar i Japan. Alt er imidlertid ikkje fullstendig klart før det vert ein overgang.

– Det er eit motkrav i forhold til tilbodet JEF kom med i første omgang. Men overgangskravet vil nok ikkje kunne velte denne overgangen. Det er høgst moderat, seier Hoff til Sunnmørsposten.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kontrakt for to år

Sunnmørsposten skriv at Aarøy truleg inngår ein toårs-kontrakt med den japanske klubben. Men JEF skal ha opsjon på eit tredje år. Og løna i JEF skal vere langt høgare enn det Aarøy får i Aafk.

– No har Tor Hogne eit høve til å legge seg opp pengar i løpet av dei komande åra. Og når han sjølv er veldig sugen på å reise til Japan, skal det veldig mykje til for at ikkje denne overgangen går i orden. Men det er med stor ulyst eg signerer denne overgangskontrakten, seier Hoff til Sunnmørsposten si papirutgåve.

Japansk toppklubb

JEF United har spelt fleire av dei siste sesongane i japansk toppdivisjon. Men dei har aldri kome spesielt høgt på tabellen. Klubben spelar kampane på Fukuda Denshi Arena, som har ein kapasitet på 20.000 tilskodarar.

Slik gjekk det med JEF i 2006-sesongen.

Slik gjekk det med JEF i 2007-sesongen.

Slik gjekk det med JEF i 2008-sesongen.

Slik gjekk det med JEF i 2009-sesongen.

Har du kommentarar til at Tor Hogne Aarøy truleg signerer for ein japansk klubb? Skriv om det her i kommentarfeltet:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL