Hopp til innhold

Aarflot Kalland på Sp-toppen

Volda-ordførar Ragnhild Aarflot Kalland er førstevalet til nominasjonskomiteen i Senterpartiet.

Ragnhild Aarflot Kalland
Foto: Trond Vestre / NRK

Kalland blei torsdag kveld foreslått på topp foran Jenny Klinge frå Surnadal på stortingsvallista til valet neste år.

Begge har erfaring frå Stortinget

Jenny Klinge er stortingsrepresentant for Senterpartiet no medan Ragnhild Aarflot Kalland har vore inne på Stortinget i ein fem månaders periode.

- Eit sterkt kort

Leiaren for nominasjonskomiteen, Jan Over Tryggestad, meiner Kalland er eit sterkt kort for partiet.

- Det er ut frå ei totalvurdering der vi har sett på kompetanse og erfaring. Raghild Aarflot Kalland har og lang fartstid i partiet. Ho er eit av dei sterkaste korta Senterpartiet har i Møre og Romsdal per dags dato, seier Tryggestad.

I ein nominasjon blir det og lagt stor vekt på kva lokallaga har foreslått. Her er det to namn som skiller seg klart ut: Ragnhild Aarflott Kalland og Jenny Klinge som altså er forelått på første og andreplass.

Audmjuk

Med andre ord ligg det an til ein kvinnesterk satsing i Senterpartiet, og Kalland er glad for tilliten.

- Eg er audmjuk overfor den tilliten som nominasjonskomiteen har gitt meg, seier Kalland.

På tredje- og fjerdeplassen har nominasjonskomiteen i Senterpartiet foreslått Gjemnes-ordføraren Knut Sjømæling og ungdomskandidaten Berit Ellingvåg.

På femte- og sjetteplassen har komiteen foreslått Kristin Sørheim frå Tingvoll og Ola Perry Saure frå Ørsta.

Senterpartiet har nominasjonsmøte 29. november.