Hopp til innhold

Aarebrot: – Lausrivingsforslag handlar lite om fylkesgrenser

Professor Frank Aarebrot trur det handlar meir om å trekke til seg attraktiv arbeidskraft enn kva fylket heiter når næringslivet på Nordmøre ser mot Trøndelag.

Frank Aarebrot

Frank Aarebrot er professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Eg trur ikkje det betyr noko som helst kva fylket heiter, seier Aarebrot.

Bakgrunnen er at vel tjue næringslivsleiarar på Nordmøre har gått saman for å utgreie om Nordmøre kan bli del av trøndelagsfylka. Dei meiner dei får lite igjen for å vere del av Møre og Romsdal.

– Kvar sjøve fylkesgrensa går er ikkje viktig. Dette handlar om det vi kallar nodar, altså punkt på kartet der kompetanse sit og gjer området attraktivt. Så dette handlar nok aller mest kampen å bevare Kristiansund som kompetansestad, seier Aarebrot.

– Trur på betre forhold til Trondheim enn til Molde

Han trur næringslivsleiarane har sett seg leie på det dei opplever som eit vanskeleg forhold til fylkeshovudstaden, ikkje minst etter sjukehusstriden.

– Dei meiner nok at det vil vere lettare å ha eit betre forhold til sentralnoden Trondheim enn til sentralnoden Molde, seier Aarebrot.

Næringslivsleiarane som er med på initiativet kjem frå store delar av Nordmøre. Dei representerer bedrifter i og rundt Kristiansund som er avhengige av å trekkje til seg ny kompetanse.

– Når ein stor institusjon som sjukehuset nærast blir tvangsflytta ut av byen, så kjenner dei nok på at området blir mindre attraktivt for den høgt utdanna arbeidskrafta dei treng. Så dei fryktar nok at dei skal hamne i ei økonomisk bakevje der dei ikkje får støtte til å bygge infrastrukturen dei treng for å gjennomføre planane sine.

– Viktig at det ikkje framstår som «takk for sist»

Aarebrot trur dei treng støtte frå sterke interesser både i og utanfor regionen dersom dei skal lukkast i å lausrive seg frå Møre og Romsdal.

– Det kan for eksempel handle om at trøndelagsregionen støttar dette og eventuelt Sunnmøre, som jo vil få ein totalt dominerande posisjon i eit eventuelt restfylke.

Han trur støtten vil vere avhengig av at dette ikkje framstår som ein hemnaksjon etter striden om sjukehuslokalisering.

– Så lenge det er ein os av hemnmotiv og «takk for sist» over dette, så svekkar det saka. Men greier dei å få fram at veksten i kristiansundsregionen er viktig for heile landet, så har dei større sjanse for gjennomslag, meiner Aarebrot.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL