Hopp til innhold
Aalesund mot Raufoss
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Svein Ove Ekornesvåg

Aalesunds Fotballklubb (AaFK)

Oppsummert

Aalesunds Fotballklubb ble stiftet i 1914, og er to ganger Norgesmestere. Laget har deltatt i kvalifiseringen til Europaligaen tre ganger. I 2023 spiller klubben i Eliteserien.

  • Hødd slo ut AaFK i cupen

    Det måtte ekstraomgangar til for å avgjere cupkampen mellom 1. divisjonslaget AaFK og 2. divisjonslaget Hødd onsdag kveld.

    Det var ein jamn og tett match, der begge laga hadde kvar sine periodar. AaFK var klart best før pause, og skapte nok til å gå i føringa. Etter pausen var det lenge tamt, før Hødd tok over meir av initiativet den siste halvdelen, men utan at det vart mål ut av det. Etter 90 spelte minutt stod det 0–0 i kampen på Høddvoll. Dermed måtte ein i gang med ekstraomgangar.

    Etter 98 spelte minutt kom kampens første mål. Då sette Hødd-spelar Andreas Hofseth Televik (bildet) ballen i mål og blei samtidig kveldens store helt. Hødd slo dermed ut AaFK i cupen.

    – Dette er heilt fantastisk. Eg har hatt ei stund på sidelinja så det var godt med ei god oppleving i dag og å få score målet som gjer at vi vinn, sa Televik etter kampen.

    – Eg skjelv faktisk litt. Det var ein utruleg god følelse. Dette er det største eg har opplevd hittil i karrieren mi, la han til.

    I den neste runden av cupen møter Hødd eliteserielaget Molde FK.

    AaFK-trenar Christian Johnsen var skuffa over resultatet.

    – Vi blir litt slitne og så jamnar det seg ut. Hødd får ei scoring og etter det så synest eg at vi svarer bra, men vi greier ikkje å produsere den siste scoringa i denne kampen.

    – Er det Hødd som er for gode eller er det de som er for dårlege?

    – Det er nok ein sum av begge deler, seier Johnsen.

    Andreas Hofset Televik
    Foto: Olaug Bjørneset / NRK
  • Tap til Aalesunds FK

    Aalesunds FK måtte reise slukøyra heim etter laurdagens besøk i Egersund, trass i at sunnmøringane scora det første målet. Kampen enda 3-1 til rogalendingane.

    Isaac Atanga fekk to gule kort og blei derfor utvist i 85. minutt. Aalesunds FK ligg no på tolvteplass i førstedivisjon med fire poeng.

  • AaFk-spelar fekk raud kort

    AaFK-spelar Sander Kilen har fått eit raudt kort og må gå av banen i kampen mot Lyn. Han fekk først eit gult kort etter 14 spelte minutt og igjen eit nytt gult kort 35 minutt ut i kampen. Dette fekk han etter ei takling der han meina ned ein Lyn-spelar bakfrå. Dermed fekk han eit raudt kort. Berre nokre minutt seinare scora Lyn og stillinga er no 0–1 til bortelaget.