NRK Meny
Normal

Aalesund vidare i cupen

Aalesund slo Sarpsborg i fjerde runde i cupen. Dermed er laget klar for kvartfinalen etter 3-0-sigeren onsdag kveld.

Trenar Kjetil Rekdal er nøgd med sigeren. Han seier det var svært viktig at Aalesund fekk det første målet.

– Laget som scora først fekk ein fordel. Hadde Sarpsborg scora først hadde vi vore nøydde til å jage ballen etter dei. No scora dei først og dei måtte jage oss, seier Kjetil Rekdal.

– Så 1-0-målet var eit kjærkome mål?

– Det var jamt ei stund. Sarpsborg hadde nokre store sjansar på dødball i første omgang. Vi hadde også nokre sjansar som vi brente. Etter at vi fekk det første målet blei alt så mykje lettare, seier Rekdal.

Video NM 4. runde: Aalesund-Sarpsborg

NM 4. runde: Aalesund-Sarpsborg

Aalesund har eit tett kampprogram, og mange spelarar er slitne. Dette går ut over innsatsen i kampane, seier Rekdal.

Mange er tunge både i beina og i hovudet. Det går litt på halv åtte, om vi må byte om på laget. Men vi vann kampen og vi er i kvartfinalen, og det er vi kjempe, kjempe fornøgde med, seier Rekdal.

Kjetil Rekdal seier det no hastar for Aalesund å få heimatt spelarar frå Gold Cup, og å få skadde spelarar friske.

– Vi har 12 - 14 spelarar, og det går gale til slutt om desse skal spele opp til tre kampar i veka. Vi er veldig skadeutsett om dagen. Men gjengen som har spelt denne perioden har gjort ein fantastisk jobb. Vi har 20 poeng i serien og er i kvartfinalen. Det er vi godt nøgde med, seier Rekdal.