NRK Meny
Normal

Aalesund slo Molde

Aalesunds Fotballklubb vann ein fullt fortent 3-1 siger over Molde måndag kveld. Særleg i første omgang viste Aalesund spel av god tippeligaklasse.

ColorLine Stadion
Foto: AAFK

Heimelaget Aalesund rundspelte Molde i første omgang, og leidde 3-0 til pause. I andre omgang var Molde best, men klarte aldri å hente inn leiinga til Aalesund.

- 1.omgang er noko av det beste vi har prestert i år, så vi kan leve med at det ikkje er fullt så bra i andre omgang, seier Aalesund-trenar Per Joar Hansen.

Aalesund-dominans før pause

Aalesund kom best i gang, og allereie etter ni minutt kunne Joackim Austnes sette ballen i nettet bak Moldekeeper Jan Kjell Larsen.

Tjue minutt seinare var Moldespelar Øyvind Gjerde uheldig og sette eit innlegg frå Dag Roar Ørsal i eige mål. Like etter auka Karl Oscar Fjørtoft til 3-0 med ein flott lobb over Molde-keeperen.

Molde best i 2.omgang

I andre omgang jamna spelet seg meir ut, og Molde fekk eit lite overtak. Etter 77 minutt reduserte Mattias Moström til 3-1 etter pasning frå Magne Hoseth. Men nærmare kom ikkje Molde, og tapte dermed også den andre treningskampen mot Aalesund i år.

- Om vi slepp inn tre mål før pause kan vi ikkje rekne med å ta poeng. Difor er eg glad vi fekk vist oss betre fram i andre omgang, seier Molde-trenar Kjell Jonevret.

Aalesunds Fotballklubb har heimekamp mot Start når eliteserien startar andre påskedag.
Molde sesongopnar i 1.divisjon same dag med bortekamp mot Sogndal.