Hopp til innhold

Aalesund serieopnar mot Start

Den 9. april 2007 blir det igjen Tippeligafotball på Color Line Stadion. AaFK opnar serien med heimekamp mot Start.

ColorLine Stadion
Foto: AAFK

9. april er andre påskedag. Søndagen etter spelar AaFK borte mot Sandefjord. Serieoppsettet finn du her:

Speleplan for Tippeligaen

Borte 16. mai

 - Vi skulle gjerne hatt 16. mai-kampen på eige gras. Det er kjekt å ha heimekamp på ein slik fotballfestdag, men vi kan jo ikkje få det kvart år, seier dagleg leiar i AaFK, Henrik Hoff. Aalesund skal spele bortekamp mot Strømsgodset 16. mai.

Fullsett stadion

Billettinntektene er det liten grunn til uroe seg for neste år. - I sesongen som gjekk var det gjennomsnittleg nesten 10 000 på kvar kamp, og neste sesong kjem kvar einaste kamp til å bli utseld, seier Hoff.

Dei tre siste kampane i neste sesong skal spelast mot topplaga i 2006, Vålerenga, Brann og Rosenborg. - Det er berre ein fordel å spare nokre godbitar til slutten sv sesongen, seier Henrik Hoff.