NRK Meny
Normal

Aalesund treng sårt poeng

Kveldens kamp mot Sarpsborg 08 er viktig for Aalesund. Tida byrjar å gå frå laget og dei treng sårt ein siger. Følg kampen frå klokka 19.00

Jubel for Trond Fredriksen

Trond Fredriksen håper det blir noko å juble for i kveldens kamp.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Aalesund treng sårt ein siger mot Sarpsborg 08. Botnoppgjeret førre helg mot Stabæk var ei pinleg affære, der Aalesund tapte 3-0.

Trenar Trond Fredriksen håper at kveldens kamp vert betre.

– Vi veit at måten vi framstod mot Stabæk på var ikkje god nok. No har vi gjort det vi kan for å rette opp det. Vi ynskjer å stå fram på på ein heilt annan måte, seier Fredriksen.

Med det meiner han at kroppsspråket må vise at spelarane vil vinne og at dei ikkje skal gå ut på bana å vere engsteleg og ikkje ville ha ballen.

Smelle til frå start

– Vi må smelle til frå starten av og vere klare og tydelege når vi skal angripe og ynskje å hjelpe kvarandre, seier Fredriksen.

Han trur at det hjelp at Aalesund spelar heimekamp. På Color Line Stadion har spelarane tryggleiken som skal til, trur trenaren.

Verste posisjon på tabellen

To tredjedelar av sesongen er allereie omme og nedrykksspøkelse kjem berre nærare og nærare. Det er 27 poeng att å slost om.

– Ja, vi ligg på nedrykksplass. Det er den verste posisjonen vi kan ha på tabellen, men samstundes har vi ikkje noko å tape. Vi har alt å vinne framover, seier Fredriksen.

Laster innhold, vennligst vent..