NRK Meny
Normal

Aalesund og Molde får heimekamp

Molde møter Vålerenga og Aalesund møter Odd. Både Molde og Aalesund får heimekamp.

Mfk - Aafk
Foto: NRK

Det er ein historisk dag for Møre og Romsdal i dag. For første gong hadde fylket to lag med, då semifinalane blei trekt.

Glad for heimekamp

Ketil Rekdal seier til NRK Møre og Romsdal at han er svært glad for at Aalesund skal ha heimekamp. - Vi skal møte Odd i serien først, så vi får sjå då korleis styrkeforholda mellom dei to laga er, seier Rekdal.

Sondre Kåfjord

Sondre Kåfjord under trekninga måndag formiddag.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

Også i Molde er gleda stor. Målvakt Knut Dørum Lillebakk seier det betyr svært mykje å få heimekamp.

Fotballfeber i Molde

- Det er fotballfeber i Molde no, seier trenar Kjell Jonevret. Det var viktig å få heimekamp. Kva motstandar vi skulle møte var mindre viktig. Og no ville det vere fantastisk å få ein finale med både Molde og Aalesund i November, seier han.

Semifinale 1: Molde - Vålerenga

Semifinale 2: Aalesund - Odd Grenland

Viktig for fotballen i fylket

- Denne trekninga var det beste som kunne skje, seier fotballkommentator Rune Hustad. Han meiner det er sjangs for at cupfinalen kan bestå av dei to laga frå Møre og Romsdal. - Molde kan slå kven som helst, og Aalesund har ein god sjangs mot Odd, seier han.

Draumefinale

Daniel Berg Hestad seier det vil vere ein draumefinale om Molde og Aalesund kan møtast i Cupfinalen. - Det hadde vore spesielt og artig, seier han til NRK Møre og Romsdal.

Seriespel

Aafk-trenar Ketil Rekdal manar no til fokus på serien. - Det er lenge til semifinalen, og vi har fleire seriekampar før den tid, seier han. Vi skal møte Odd i serien først no til helga. Så no skal vi tenke på serien. Vi har ein jobb å gjere i seriespelet, og skal klare å tenke på begge deler. No er det Odd først og så Molde i serien, så vi har tøffe kampar framfor oss, seier Ketil Rekdal. Tek vi ikkje poeng i serien framover no så rykkjer vi ned, seier han.

Semifinalane skal spelast 23. og 24. september. Finalen er på Ullevaal 8. november.

Diskutér

Kva meiner du om resultat et av trekninga ? Bli med i diskusjonen her: