Hopp til innhold

– Vi slit spelemessig og mentalt

Aalesund har berre ein siger totalt i serien. Kaptein Jonatan Tollås Nation seier kampen i dag var bitter.

Aalesund

AaFK-kaptein Jonatan Tollås Nation var frustrert både under og etter kampen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Heller ikkje i dag kunne Aalesund juble over siger. Kampen mot Sarpsborg enda mållaust og med poengdeling på Color Line stadion. Heimelaget starta labert den første halvtimen, men det kom seg i 2. omgang.

– Lag i motgang får gjerne stong ut og slik var det for oss i dag, seier kaptein Jonatan Tollås Nation.

Aalesund-Sarpsborg

Det vart mållaust på Color Line Stadion i dag.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Laget slit

Han innrømmer at det er veldig bittert, fordi tre poeng var så etterlengta. Laget har ikkje ein einaste siger på heimebane denne sesongen og har berre ein siger totalt.

– Vi slit både spelemessig og mentalt. Vi må jobbe knallhardt og få alle mann klare att, seier Tollås Nation.

Kjempe mot nedrykk

Sjølv om tre poeng var etterlengta, meiner kapteinen at kvart einaste poeng dei får med seg er livsviktig.

– Vi har innsett at i år vert det kjemping med ryggen mot veggen. Vi spelar som eit botnlag og må kjempe for å unngå nedrykk, seier Tollås Nation.

I riktig retning

Trenar Jan Jönsson var nøgd med spelet den siste timen i dag og meiner at spelemessig er laget i riktig retning.

– Det er klart at vi saknar ein siger på heimebane, seier Jönsson.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL