Sandefjord på kvalifiseringsplass ligg ni poeng bak med tre kampar igjen å spele. Kongsvinger ligg også ni poeng bak. Dei klarte berre 0-0 heime mot Hønefoss og måtte sjå seg forbigått av Sandefjord som vann 2-1 over Skeid i Oslo.
Dermed er det ingen som kan true Ålesund i kampen om opprykk. Supportarar og spelarar inviterte søndag kveld til opprykksfest, men den offisielle feiringa skjer først etter den siste heimekampen mot Kongsvinger 24.oktober.