NRK Meny
Normal

Vil bli topptrenar

Trond Fredriksen vil bli eliteserietrenar. Men først vil han spele meir fotball for AaFK.

Video AaFK-veteran vil bli topptrenar

Det var veteranane sin dag i Ålesund søndag. 33-år gamle Trond Fredriksen skåra det eine, og Tor Hogne Aarøy det andre målet då AaFK slo Haugesund 2-1.

Drøymer om å bli topptrenar

Fredriksen håpar å få fornya kontrakt med AaFK, men avslører i dag at han også har ein draum om å bli topptrenar.

Video AaFK-veteran vil bli topptrenar

Trond Fredriksen vil gjerne bli eliteserietrenar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det har vore ein tung sesong. Så når ein opplever litt medgang igjen, gjer det veldig godt, seier Fredriksen til NRK.

Trond Fredriksen har nesten ikkje spelt frå start av i år. Det er usikkert om han får ny kontrakt.

– Trond er til vurdering, han er i ei gråsone, og det veit han sjølv. Men han har vore, og er framleis, viktig for laget. Det har han sjølvsagt fordel av, seier hovudtrenar i AaFK Kjetil Rekdal.

Vore med lenge

Fredriksen er veteran i AaFK. Høgdepunktet gjennom 491 A-kampar er cupfinaletriumfen i fjor.

No kan spelarkarrieren snart vere over og ei ny tid har uansett starta. Fredriksen er tilsett som breiddesjef i klubben, og på sikt vil han gjerne bli topptrenar.

– Det er noko eg har lyst til, ja. Det er eit vannvittig mediekøyr på desse tippeligatrenarane. Men det er kanskje noko eg kan lære meg til, seier han.