NRK Meny
Normal

AaFK styrer mot underskot

Kort levetid i europacup, tidleg exit i NM, og dårlegare plassering i Tippeligaen enn tenkt. Slikt tærer på eit stramt budsjett. Henrik Hoff fortel at Aalesund styrer mot underskot.

Henrik Hoff

Klubbdirektør i Aalesund FK, Henrik Hoff, fortel at klubben styret mot underskot. Dårlege resultat må ta store delar av skulda.

Foto: Terje Reite / NRK

– Men folk må ikkje vere bekymra for at vi leiger ut eller sel spelarar for å redusere det store holet.

Det seier Henrik Hoff, klubbdirektør i Aalesund Fotballklubb.

Men sjølv om underskotet ikkje skal gå utover det sportslege, ifølgje Hoff, så er holet stort.

I 2011 vann Aalesund cupen, og kom langt i Europacupen. Det dekte underskotet i fjoråret.

– Vi har budsjettert med eit større underskot i år, noko vi òg har vore bevisste på frå starten av.

– I tillegg har vi tetta noko av holet, og vi håper å tette betydeleg meir utover i sesongen, fortel Hoff.

Saka held fram under bildet.

Molde - Aalesund

Aalesund-oppturen under Kjetil Rekdal har ikkje heldt fram i 2012. Etter eit svært godt 2011 er årets sesong så langt ein vonbrot, sett med AaFK-auge. Her frå lokaloppgjeret mot Molde i Molde.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Vil ikkje ut med tal

Konkrete tal vil derimot ikkje Hoff ut med – enno. Viktigheita av god økonomi kommenterer han derimot velvillig.

– Det er veldig viktig å bevare eigenkapitalen og likviditetssituasjonen for neste sesong og for åra som kjem. Difor har vi sett inn forskjellige tiltak.

– Kva tiltak?

– Forskjellige tiltak på kostnadssida. Men som eg seier, så skal ikkje dette gå utover sportssida. At Kjell Rune Sellin blir leigd ut til Hødd er for å gi han matching, medan vi òg må lage plass til spelarar som skal inn, fortel Hoff.

I førre veke blei det klart at Sellin blei leigd ut til Hødd for året, medan Magnus Sylling Olsen er ferdig i AaFK og går til Bodø/Glimt.

Hoff

Henrik Hoff har vore med på både opp- og nedturar i Aalesund.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Spissen er framleis ikkje i hus

Likevel, to spissar ut og ein økonomi som ikkje skal gå utover det sportslege: den etterlengta goalgetteren har framleis ikkje landa i Ålesund.

– Før sesongen lovde vi at spissen skulle kome i løpet av sesongen. Vi må ta til etterretning at vi ikkje har klart det enno, men vi er bevisste internt på å ikkje gjere hastekjøp, seier Hoff.

AaFK har sett på mange spissar, men det store kjøpet uteblir. Toppscorar for AaFK i år er midtstoppar Daniel Arnefjord, medan midtbanespelarar følgjer på plassane bak.

– For å seie det slik, så er vi minst like lystne på spissen som det supporterane er. Og vi har ikkje gjeve oss enno, slår klubbdirektøren fast.

Saka held fram under bildet.

Tremaine Stewart

Tremaine Stewart scora to mål då Aalesund vann 3–1 borte mot Fredrikstad i går. Her jublar han etter 0-1-scoringa.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Etterlengta opptur

I går fekk Aalesund seg ein etterlengta opptur på bortebane.

Før kampen mot Fredrikstad hadde AaFK fem tap og fire uavgjort på bortebane i årets sesong. Tre fantastiske langskot, signert Tremaine Stewart gonger to og Michael Barrantes sikra derimot den første bortesigeren på 441 dagar.

– Vi trengte dette for å ta eit steg oppover. Vi gjekk for tidleg ut av cupen, og eg er skuffa over at vi ikkje tok eit steg til i Europacupen, seier Hoff.

Nedturen frå Europacupen sit i, meddeler Hoff. Før sesongen hadde Aalesund eit mål om å kjempe oppe i øvre sjiktet på tabellen.

– No ønskjer vil å klatre på tabellen. Vi må vise at vi er eit lag som høyrer heime på øvre halvdel, og det ligg store oppgåver føre oss no.

– Den første bortesigeren på lenge gjorde godt, og det gir ny giv. Normalt er vi gode på heimebane, og eg håper og trur at vi kan ta eit godt byks oppover, avsluttar Hoff.