AaFK på terskelen til Europa

AaFK står i kveld på terskelen til eit europeisk fotballeventyr. Første hinder er walisiske Neath FC.

Henrik Hoff

Klubbdirektør Henrik Hoff er spent.

Foto: Arne Flatin / NRK

AaFK kom inn i Europaligakvalifiseringa via bakdøra og FairPlay-prestasjonar. Men etter den sterke 4.plassen i Eliteserien i fjor er det ingen grunn for sunnmøringane til å stå med lua i handa når dei har fått denne ekstrasjansen til å kvalifisiere seg for eit europeisk fotballeventyr.

I fjor tapte AaFK samanlagt 4-1 for skotske Motherwell, som bør vere eit langt sterkare lag enn Neath FC. AaFK greidde berre 1-1 heime og tapte 3-0 borte. I år er det viktig å halde nullen heime, men det må scoringar til før returkampen om ei veke.

Rangerer høgt

Klubbdirektør Henrik Hoff seier at AaFK må bygge seg erfaringar over tid i europeisk fotball. Kampane mot Motherwell i fjor var ein del av dette. Dette er kampar som Hoff rangerer høgt på si liste over opplevingar i klubben si historie.

- Med all respekt for heimleg serie og cup, europacupkampar representerer noko nytt og spennande. Det er noko annleis å møte internasjonal motstand, seier Hoff.

Han er spent før kampen i kveld.

- Vi kjenner ikkje så mykje til motstandaren vår. Dei er ute av sesong no og vi har berre sett dei i ein treningskamp. I følgje Neath sjølve spelar dei ikkje typisk britisk fotball, men er eit meir spelande lag, opplyser Hoff til NRK Møre og Romsdal.

Hoff reknar med rundt 3000 tilskodarar på kampen i kveld. Han trur ikkje det kjem meir enn nokre få bortesupporterar.

Ikkje PL-kvalitet

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal.

Foto: Arne Flatin / NRK

AaFK-trenar Kjetil Rekdal seier til klubben si heimeside at Neath FC ikkje er av Premier League-kvalitet, men det er ingen tvil om at dei kan spele fotball. Dette vert ikkje nokon walk-over for oss, seier Rekdal til klubben si nettside.

Av enkeltspelarar viser Rekdal til Lee Trundle med bakgrunn i Swansea, Leeds og Bristol City. Han var veldig bra før, men Rekdal trur ikkje han er av same kvalitet no.

Rekdal meiner AaFK bør vinne kampen i kveld og unngå baklengsmål.

Returkampen i Wales om ei veke går for øvrig utan noko organisert supporteropplegg frå klubben si side. AaFK reiser med rutefly til Gatwick og derifrå er det tre og ein halv time med buss til stadion.

Neath FC

The Gnoll

Heimebana til Neath FC

Foto: Welsh FA

Neath vart nummer tre i den heimlege serien bak lag som Bangor City og The New Saints, men kvaliteten er langt frå den samme som på dei meir kjende laga frå Wales som Swansea og Cardiff som spelar i det engelske ligasystemet. Kampen mot AaFK i kveld er den første i Europa for klubben, og i følgje heimesida til waliserane den største kampen i klubben si historie.

Manager for laget er Terry Boyle. Neath FC er ein fersk klubb, stifta så seint som i 2005, men ei samanslåing av Neath og Skewen Athletic. Klubben vert kalla The Eagles, og hadde sin beste sesong i fjor med den allereie omtalte tredjeplassen. Talet på tilskodarar på The Gnoll (namnet på heimebana) har dobla seg den siste sesongen etter kvart som laget har fått meir og meir suksess.

Kampen startar klokka 19.00 og NRK Møre og Romsdal har reporter på som oppdaterer frå stadion.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.