2.omgang
90.min: Kampen er slutt. 4-1 til AaFK.
77.minutt: Innbyttar Kjell Rune Sellin fyrer av og gir AaFK 4-1. Like etter kjem Didrik Fløtre på bana.
70.min:Glipp i AaFK-forsvaret og stor sjanse til Neath FC, men ballen går over frå god posisjon.
65.min: Stort sett spel mot Neath sitt mål etter pause.
57.min: Dobbeltbytte. Kjell Rune Sellin inn for Okoronkwo, og Demar Phillips inn for Lars Fuhre.
46.min:Straffe til AaFK. Fredrik Ulvestad dundrar ballen i nota, høgt oppe til høgre for keeper. 3-1 og AaFK har snudd kampen fullstendig.
1.omgang
45.min:PAUSE på stillinga 2-1 til heimelaget.
39.min: To spelarar knallar saman i ein duell og det er ein lang stopp i spelet. AaFK-spelar Magnus Sylling Olsen er ein av dei. Han kjem inn på bana fem minutt seinare med ein solid bandasje på hovudet. Neath-spelaren må forlate bana.
36.min: Magnus Sylling Olsen med 2-1. Går åleine og set ballen sikkert i mål frå cirka 16 meter.
35.min: Lars Fuhre med utlikning for AaFK. Keeper fekk handa på ballen, som likevel gjekk inn.
33.min: Nokre minutt seinare hadde den samme Okoronkwo ei bra avslutning som keeper slo til corner.
30.min:Solomon Okoronkwo hadde ein kjempesjanse til å utlikne for AaFK etter ein snau halvtime, men bra redning av Lee Kendall.
23 min: Neath FC fekk frispark på hjørnet av 16-meteren og laget si store stjerne Lee Trundle skrudde frisparket rett i krysset utan ein sjanse for Sandqvist.
Dei første tjue minutta var relativt kjedelege, men walisarane var farlege veit par tilfelle, så det var ikkje ufortent at dei tok leiinga etter cirka 23 minutt.
Laget
AaFK sin keeperreserve får sjansen frå start mot FC Neath i kveld.
Lagoppstillinga er no klar og AaFK har dette laget frå start av: Jonas Sandqvist, Enar Jääger, Jonatan Tollås Nation, Daniel Arnefjord, Jonathan Parr, Jason Morrison, Fredrik Ulvestad, Michael Barrantes, Solomon Okoronkwo, Magnus Sylling Olsen og Lars Fuhre.
På benken: Sten Grytebust, Amund Skiri, Edvard Skagestad, Peter Orry Larsen, Demar Phillips, Kjell Rune Sellin og Didrik Fløtre.
Det er fine speleforhold i Ålesund i kveld. Det er førehandsselt om lag 2500 billettar og klubben reknar ikkje med meir enn rundt 3000 på stadion som tek nærare 11 000 tilskodarar.