AaFK låner Sam Rogers frå Lillestrøm
AaFK har henta inn Sam Rogers frå Lillestrøm Sportsklubb. Lånet skal varer ut 2024-sesongen. Han har i utgangspunktet ei kontrakt med LSK som varer ut 2026-sesongen.
Til klubbens nettsider seier Rogers at han er klar for å bidra allereie på neste kamp.
– Eg trur eg kan hjelpe laget til ein god haustsesong, seier 25-åringen frå Seattle.
Det var AaFK-trenar Kjetil Rekdal, som i si tid henta Rogers til HamKam. Han har også spelt for Rosenborg då Rekdal trente laget.