Rekdal får cupfinale på bursdagen

Aalesund-spelarane gav trenaren første del av gåva på forskot: Cupfinale på bursdagen 6. november. Andre del kan bli cupgull på sjølve førdelsdagen.

AaFK-spelarane feirar 1-0

1-0: AaFK-spelarane feirar fyrste skåringa, som kom etter 40 minutt.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Regnet hølja ned, og på ei sleip kunstgrasmatte vart det avgjort av eit sjølvmål ein sein septemberkveld: Aalesunds FK er klar for cupfinalen 2011.

Dermed blir det Aalesunds FK som møter Brann på Ullevaal i starten av november. Allereie etter å slått ut Rosenborg i kvartfinalen byrja AaFK-fansen å bestille hotellrom i hovudstaden .

Video: Sjølvmålert som avgjorde kampen

Video Selvmål for Start i Cupen

Selvmål for Start i Cupen

Bursdag på finaledagen

AaFK-trenar Kjetil Rekdal kan dermed få cup-gull i bursdagsgåve. Han fyller 43 år på cupfinaledagen.

- Det kan bli både ein fin og ein sur dag, sier Rekdal til NRK.

Video: Rekldal gler seg til fødselsdagen

Video Intervju med Rekdal etter cup-triumf

Intervju med Rekdal etter cup-triumf

Han tykte ikkje laget spela nokon god kamp, men ser lyspunkt.

- Vi er iallfall begynt å vinne igjen, sjølv om vi ikkje spelar godt. Og det er så lenge til cupfinalen at vi skal bli metre til då. Hadde kampen gått i morgon, hadde Brann vore storfavoritt. Men til 6. november har vi tatt igjen ein del av forspranget, seier Rekdal.

- No blir det nedrykksstrid

Start-trenar Mons Ivar Mjelde var skuffa, men tok tapet med fatning.

- Vi er vel ikkje heilt gode nok enno, men vi står kampane betre og betre, og var ikkje langt unna ekstraomgangar på slutten. Men no er vi ute, og må konsentrere oss om nedrykksstriden i serien, sa Mjelde til NRK.

I formiddagssendinga til NRK Møre og Romsdal på kampdagen møttest supporterklubbane til intern kamp. Den enda med siger til Start sin supporterklubb Menigheden , og det var også gjestane som tok føringa frå start i semifinalen.

Video: - Bittert, seier Start-trenar Mons Ivar Mjelde

Video Intervju Mons Ivar Mjelde

Intervju Mons Ivar Mjelde

Sjølvmål

For heimelaget AaFK greidde ikkje å ta kontroll over kampen på eige kunstgras. Dermed vart det ein kjedeleg start for publikum som var møtt fram i regnveret.

Etter 40 minutt spelt kom målet. Haraldur Gudmundsson var sist på ballen i det som vart registrert som sjølvmål. Dermed stod det 1-0 til heimelaget.

Eit innlegg trefte AaFK-spelaren Kjell-Rune Sellin, som så langt var beste spelaren på bana. Avslutninga frå Sellin traff Gudmundsson, som sende ballen i eige mål.

Optimistar i begge leirar

Før kampen var det mange optimistar i Ålesund sentrum. Supporterklubbane Menigheden og Stormen hadde funne seg kvar sin pub i sunnmørsbyen, og varma opp i trua på at deira lag skulle nå finalen.

Aalesunds FK vann NM i 2009. Start hadde aldri vore i finalen då dei kom til Sunnmøre for å spele semifinale denne septemberkvelden.

Jamnspelt andreomgang

Det vart ikkje veldig målrikt i andre omgang heller. Med vesentleg fleire hjørnespark enn mål vart kampen ikkje den mest spennande for publikum.

Stemninga mellom dei oransjekledde på tribunen steig jamt medan kampslutt nærma seg. Tre minutt på overtid var det klart. Sørlandsklubben greidde ikkje å utlikne.

Dermed er AaFK klar for sin andre cupfinale på tre år. Då slo dei Molde, i år er det Brann som er motstandar.

Ventar vestlandsk folkefest i Oslo

- Det blir ein folkefest i hovudstaden heile helga. Dei som ikkje likar sunnmøringar og bergensarar, må berre rømme frå byen, sa AaFKs Amund Skiri, som sette inn den avgjerande straffen då Aalesund slo Molde på straffespark i 2009-finalen.

Han er skadd og spela ikkje mot Start. Men til finalen håpar han å vere tilbake.

- Om ikkje anna, kan eg vere frisk nok til eitt spark på ballen. Det gjekk jo bra sist, ler Skiri.