Hopp til innhold

Andreas Lie har veldig lyst på vikarjobb i Odd

Han er AaFK-keeper utleigd til Hødd. No vil han til Odd.

Andreas Lie

Keeper Andreas Lie ynskjer å spele dei seks siste kampane i Odd, etter at deira førstekeeper er ute resten av sesongen.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Førstekeeperen til Odd, André Hansen, er ute resten av sesongen og klubben har fått dispensasjon til å hente inn ny keeper. Andreas Lie er utleigd til Hødd frå AaFK. Han vert nemnt som kandidat til keeperjobben i Odd og synest sjølv det er heilt naturleg, sidan han har vore der tidlegare. Andreas Lie forlét Odd etter fjorårssesongen.

– Eg treivst veldig godt der og har god kontakt med dei, men det er for tidleg å seie om det vil skje, seier Andreas Lie.

Seks kampar att

Han innrømmer at han har veldig lyst på keeperjobben i eliteserieklubben. Der vil han bidra i dei seks attståande kampane i sesongen.

I fylgje Telemarksavisa er det fire som er aktuelle til vikarjobben.Dette er reservekeeper i Molde, Ole Söderberg, Lars Hirschfeld, Andreas Lie og Sead Ramovic.

LES OGSÅ:

Kontrakt med AaFK

Lie har kontrakt med AaFK til 2014. Etter at året er omme skal han tilbake til Aalesund og kjempe for ein plass som førstekeeper der.

– No vil eg avslutte denne sesongen på ein god måte og så får eg ta avgjerda om kva som vil skje neste år seinare, seier Lie.

Han håper at Hødd no vil la han gå til Odd.