NRK Meny
Normal

AaFK-kaptein friskmeldt

AaFK kaptein Johan Arneng er truleg friskmeldt akkurat i tide for møtet med Brann i kveld.

Søren Åkeby

AaFK-trenar Søren Åkeby.

Foto: Sissel Kvalvik / NRK

- Slik det ser ut no er både lagkaptein og Tor Hogne Aarøy disponible, seier AaFK-trenar Søren Åkeby til Sunnmørsposten.

Usikkert

Det har vore usikkert heile veka om AaFK sin kaptein Johan Arneng vart friskmeldt i tide for møtet med Brann i kveld. Både han og Tor Hogne Aarøy måtte stå over kampen mot Vålerenga sist helg, men etter å ha trent for fullt i går ser det ut som dei spelar i kveld , skriv Sunnmørsposten.

Følg kampen på nettradio