Hopp til innhold

AaFK kan møte Breidablik

AaFK møter islendingar eller skottar i sin aller første kamp i europacupen.

Kjetil Rekdal

PÅ KAMP: Kjetil Rekdal og fotsoldatane kan førebu seg på to kampar mot islendingar eller skottar.

Det vart klart etter trekkinga av tredjekvalifiseringsrunde til europaligaen i Geneve fredag.

Skottar eller islendingar

Kjetil Rekdal sine menn møter vinnaren av kampen mellom skotske Motherwell og islandske Breidablik.

- Sportsleg sett er dette ei god trekking for oss, seier arrangementssjef Øyvind Vebenstad i Aalesunds fotballklubb.

LES MEIR: Aalesund kan møte Galatasaray

LES MEIR: Desse fryktar han mest

Ikkje Galatasaray

Ein kamp mot det tyrkiske storlaget Galatasaray ville truleg vore den største publikumsmagneten på Color Line stadion.

Vebenstad trur likevel både Breidablik og Motherwell kan lokke publikum.

- Motherwell er eit skotsk lag, og me veit jo kva skotsk og engelsk fotball står for av entusiasme og trykk. Slik sett er det ei fantastisk trekking.

- Styrkjer sjansane

Han tar også gjerne imot islendingar.

- Dersom Breidablik slår Motherwell, så får me ein motstandar som er ung og spanande. Eg trur dette styrkjer sjansane våre, seier Vebenstad.

Molde møter Stuttgart - dersom dei går vidare.

LES MEIR: Molde kan møte Stuttgart