Hopp til innhold

AaFK vil ha verdsstjerne

I år vert Aalesunds fotballklubb 100 år og draumen er å få tak i ei stjerne i verdsklasse. Problemet er at dei er vanskelege å få tak i.

Den oransje timen

I juni er det 100 år sidan Aalesunds fotballklubb vart stifta.

Foto: Terje Reite / NRK

Aalesunds fotballklubb vart stifta 25. juni 1914, etter at tyskarar gav byen den første innføringa i spelet. Jubileumskomiteen har mange av planane klare for korleis 100-årsjubileet skal markerast. Det som ikkje er i boks er booking av ei verdsstjerne til ein jubileumskonsert i juni.

– Det handlar både om økonomi og turneplanane til dei store artistane. Det er mange om beinet, seier arrangementsansvarleg i AaFK, Øyvind Vebenstad.

Vil ikkje røpe namn

Øyvind Vebenstad

Øyvind Vebenstad håper at dei får ei verdsstjerne til å opptre på stadion i juni.

Foto: Terje Reite / NRK

Fotballklubben samarbeider med Momentium, som blant anna står bak Sommarfesten på Giske og Jugendfest i Ålesund, for å få ei verdsstjerne til stadion. Vebenstad vil ikkje ut med kven dei jaktar på, men kan seie så mykje at Justin Bieber har det aldri vore snakk om.

– Får vi ikkje til ein jubileumskonsert i år, prøver vi neste år, seier Vebenstad.

Stor marknad

Heilt sidan Color Line stadion vart bygt, var planen å bruke arenaen også til konsertar. Vebenstad trur absolutt at marknaden for store konsertar på stadion er stor.

– Folk i Møre og Romsdal reiser både til Bergen og Oslo for å gå på konsert. Det hadde vore heilt fantastisk å få ein verdsartist eller fleire kvart år, seier Vebenstad.

  • Kven vil du sjå på Color Line stadion? Sei di meining nedst på sida.