Hopp til innhold

Myklebust sikra 2-1 for AaFK

Gustavino utliknar for gjestane, men etter 89 minutt gjekk heimelaget i leiinga igjen. AaFK vann 2-1 mot Brann.

AaFK - Brann

KLAR FOR KAMP: Color Line stadion ligg klar for AaFK-Brann.

Foto: Åge André Breivik / NRK

I sunnmørskulda vart det ein lite underhaldande kamp mellom AaFK og Brann. Heimelaget trekte lengste strået, og sikra 2-1 mot gjestane frå Bergen.

Rune Skarsfjord

- VARIABELT: Brann-trenar Rune Skarsfjord er ikkje fornøgd med fyrste omgang mot AaFK.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX
Kjetil Rekdal

- ME VINN FORTENT: Det meiner AaFK-trenar Kjetil Rekdal.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

- Kampen er veldig variabel. I fyrste omgang syns eg Aalesund er bra, og me er like dårleg. Me heng dårleg saman defensivt, og det er ein klar forskjel på laga, seier Brann-trenar Rune Skarsfjord etter kampen.

- Me vinn fortent

- Heldigvis ligg me under berre 1-0, og klarer snu på ein del ting i pausen, seier Skarsfjord.

- Me vinn fortent totalt sett. Fyrste omgang er god, og me er klart betre enn motstandarane. I andre omgang er me tamme, og slepp Brann for mykje inn i kampen, seier Kjetil Rekdal. AaFK-trenaren meiner ein er for lite effektive i kampen.

- Me burde leia 2-0 til pause, sa han etter kampen.

Slik var kampen:

  • 89 minutt: 2-1 - Christian Myklebust skyt frå 16 meter, og sikrar sigeren for AaFK.
  • Heimelaget har største sjansane mot slutten av kampen, men greier ikkje å få mål.
  • 83 minutt: Bjarte Haugsdal skyt over AaFK-målet frå 16 meter. Greier ikkje å få ballen lavt nok.
  • 82 minutt: Nytt AaFK-bytte: Kjell Rune Sellin ut for Christian Myklebust.
  • Ingen av laga har klart å skape dei heilt store sjansane utover i andre omgang. Kampen bølgjer fram og tilbake mellom dei to banehalvdelane.
  • 74 minutt: Nytt AaFK-bytte: Inn Fredrik Ulvestad, ut Fredrik Carlsen.
  • 69 minutt: Tre Brann-bytte: Inn kom Bjarte Haugsdal og Lars Skage og Cabral Juninho, ut gjekk Bjørnar Holmvik, Diego Gustavino og Kim Ojo.
  • 67 minutt: Kim Ojo (Brann) ligg nede, og får behandling av støtteapparatet. Diskusjon på sidelina mellom dommar og trenar.
  • 59 minutt: Gult kort til Kim Ojo (Brann) etter felling av Jason Morrison.
  • 58 minutt: Stor sjanse for Brann, men ballen går like over mål etter rot inne i feltet.
  • Brann bytta ut Fredrik Haugen, og sette inn Carl Erik Torp.
  • AaFK sine bytte etter pause. Jonathan Tollås Nation, Jason Morrison og Didrik Fløtre kom inn, Demar Phillips, Peter Orry Larsen og Edvar Skagestad gjekk ut.
  • 53 minutt: Diego Gustavino utliknar. Det står 1-1 mellom AaFK og Brann.
  • 52 minutt: Brann-corner endar med heading like utanfor AaFK-målet.
  • 50 minutt: Stor sjanse til AaFK etter frispark, men Opdal reddar.
  • Andre omgang er i gang.
  • Spelarane som nyttar pausa til å varme opp viser lite teikn til å drive med sommaridrett. Seriestarten for Eliteserien er berre to veker unna.
  • Pause i Ålesund.
  • 42 minutt: Berre brystkassa til Brann-keeper Opdal hindrar AaFK i å auke leiinga. Carlsen står rett plassert i feltet og får ballen i føtene av Fuhre, men stillinga er framleis 1-0.
  • 38 minutt: Fint Brann-angrep endar i corner, etter at Erik Mjelde kjem seg heilt til mållina.
  • Minuttet etter blir eit frispark frå Barrantes slått til corner av ein Brann-spelar på andre enden av bana.
  • 33 minutt: Brann-frispark frå 25 meter går over AaFK-målet, og opp på tribunen.
  • 28 minutt: Lars Fuhre (AaFK) skyt utanfor frå hjørnet av fem-meteren. Brann går rett i angrep etter utspelet, men greier ikkje skape noko av det.
  • 22 minutt: Gult kort til Brann-spelar Rodolph Austin.
  • 18 minutt: 1-0, Ville Jalasto headar inn målet etter ein corner.
  • Kampen har vore ganske jamnspelt dei fyrste 16 minutta. AaFK har hatt dei største sjansane.
  • 5 minutt: Frispark frå Michael Barrantes (AaFK) frå ti meter utanfor hjørnet på 16-meteren til Brann. Blir slått til corner. Ein dobbeltcorner endar med at Lars Fuhre skyt i tverrliggar frå 18 meter.
  • 4 minutt: Snøen inntok stadion i Ålesund, men gav seg etter nokre minutt.
  • 3 minutt: AaFK-spelar Demar Phillips gjennom med keeper, men skyt forbi Opdal og utfor målet på venstre side.

Tidlegare møter

AaFK har tidlegare i vinter møtt mellom andre Rosenborg , Sogndal og Hødd . No møter dei sterk motstand i Brann.

  • Sjå kven dei to laga stiller med nederst i artikkelen.

Klubben er framleis ute etter spelarar før Eliteserien tek til, men har hatt ein del trafikk i løpet av vinteren.

AaFK-troppen:

  • Sten Grytebust
  • Ville Jalasto
  • Daniel Arnefjord
  • Edvard Skagestad
  • Jonathan Parr
  • Demar Phillips
  • Peter Orry Larsen
  • Michael Barrantes
  • Fredrik Carlsen
  • Lars Fuhre
  • Kjell Rune Sellin

Benken til AaFK ser slik ut:

  • Mattias Rasmussen
  • Christian Myklebust
  • Jonathan Tollås Nation
  • Jason Morrison
  • Didrik Fløtre
  • Fredrik Ulvestad
  • Enar Jääger

Brann sitt lag:

  • Håkon Opdal
  • Birkir Sævarsson
  • Christian Kalvenes
  • Zsolt Korcsmár
  • Hassan El Fakiri
  • Bjørnar Holmvik
  • Fredrik Haugen
  • Rodolph Austin
  • Diego Guastavino
  • Erik Mjelde
  • Kim Ojo

Benken til Brann ser slik ut:

  • Øystein Øvretveit
  • Carl Erik Torp
  • Bjarte Haugsdal
  • Cabral Juninho
  • Yaw Amankwah
  • Lars Skage
  • Kjetil Kalve