30 kroner
–Det blir ikkje direkte noka hinderløype for bilistane, men litt mindre attraktivt å bruke Skodje sentrum som gjennomkøyringsområde, seier Haram.
I ein månad har det vore gratis å køyre over den nye Skodjebrua, men no er det slutt. Om du ikkje har investert i rabattbrikke, vil det koste tretti kroner å komme seg over Skodjestraumen.
Kort omveg
For mange pendlarar tek det ikkje meir enn nokre minutt å ta omvegen om Skodje sentrum og dermed unngå avgifta, og fungerande ordførar Helge Haram ser faren i at mange vil gjere nettopp det.
–Men samtidig vil det på sikt vere den enklaste løysinga å køyre brua, og at det er det som blir den framtidige måten å gjere det på, seier Haram.
1800 per dag
Dagleg leiar Einar Ekornes i Skodjebrua AS, vonar folk vil halde fram med å bruke brua sjølv om det kostar litt pengar.
Ekornes opplyser at det er med i berekningane for trafikken at ein del vil køyre rundt. Bruselskapet reknar at omlag 1800 køyrety skal køyre over brua per dag. Han argumenterer også for brua med at det er eit tett og vanskeleg miljø i Skodje sentrum.
–Vi håper at spesielt tungtrafikken vil velje å køyre brua, seier Einar Ekornes.