Hopp til innhold

–Vi må innsjå at vi er eit botnlag

AaFK trenar Trond Fredriksen byrja sesongen med ambisjonar om å ligge i øvre halvdel av eliteserien. Førre veke kan oppsummerast med eit audmjukande tap som sendte AaFK ut av cupen og i tillegg vart det tap mot Molde og Sogndal i serien.

Mjøndalen - Aalesund 1 - 2

AaFK trenar Trond Fredriksen har mykje å tenkje på om dagen etter at AaFK har hatt den dårlegaste starten på serien sidan 2003.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Målet vårt var at vi skulle ligge oppe på øvre halvdel av tabellen. Der er vi ikkje og det må vi vedkjenne oss, seier ein innbiten og fokusert Aalesundstrenar.

No handlar det ikkje så mykje om å vere øvst på tabellen lenger for AaFK. No er det om å gjere å få nok poeng til å klare å berge plassen i tippeligaen. Styreleiar Reidar Mjelde har sagt til Sunnmørsposten at dei no vurderer tiltak for å gjere trenarane betre. Trenar Trond Fredriksen synest det er greitt.

LES OGSÅ: – Det er ikke Riises skyld at AaFK sliter i år

Trygg på seg sjølv og trenarteamet

– Det er viktig å sjå på alle moglege tiltak for å få betre resultat, men samtidig er eg trygg på at vi i trenarteamet kan snu dette, seier han med overtyding.

Trenaren erkjenner samtidig at han er både ung og uerfaren med å vere i den situasjonen han no er i.

– Ja, vi er uerfarne. Og eg skulle gjerne ønskje at eg var 60 år og hadde vore gjennom dette ei 7–8 gongar frå før. Men slik er ikkje stoda, seier ein ærleg Trond Fredriksen til NRK.

LES OGSÅ: – Dette var katastrofalt

Viktig å kople av

Fredriksen og resten av trenarteamet jobbar hardt for tida og snur kvar ein stein for å kome på vinnarsporet. Han vedkjenner at det tek på.

– Dette tar frykteleg mykje energi. Eg tenkjer fotball dagen lang. Og då er det viktig å kunne kople av og gjere noko anna innimellom.

Kva gjer du då?

– Eg vil vere familiefar. I dag skal eg sjå på når sonen min spelar fotballkamp. Og det gir masse god energi å få vere med på det, seier ein optimistisk Trond Fredriksen