Av Anne-Bente Skjellum og Ivar Eidheim.
Gangbrua skal over vegen frå Kipervikgata 9 til Storgata 3, mellom to bygg som husar Ålesund storsenter. Eigarane av kjøpesenteret har varsla at dei ønskjer reguleringsendring for delar av Storgata.
– Visuelt øydeleggjande
Jugendstilsenteret i Ålesund (Foto: NRK)
Fagkonsulent i kunsthistorie, arkiktektur og bygningsvern ved Jugendstilsentret, David Aasen Sandved, er mot ei reguleringsendring.
Ei gangbru vil øydeleggje fasaden på den verneverdige bygningen i Storgata 3 og kan dessutan visuelt sett øydeleggje det bygningsmessige miljøet i byen, meiner Aasen Sandved.
Huseigar, Gunnar Haagensen, seier Jugenstilsenteret bør vente med kritikken til dei har sett teikningane.
Fekk motbør
Eigarane av Ålesund Storsenter, Brødrene Jangaard, fekk mykje motbør då dei ville gjere om fasaden på jugendstilhusa i Storgata i Ålesund under bygginga av kjøpesenteret.
Jugendstilhus måtte vike plassen, og eitt av vilkåra var at heile fasaden mot Storgata skulle sjå ut nesten som før. No planlegg altså eigarane ei gangbru i det same området.
Gangbru i glas
Det er det Oslo-baserte arkitektfirmaet Lund & Slaatto arkitekter som skal stå for gjennomføringa av planane. Arkitekt for prosjektet, Espen Pedersen, seier det er snakk om ei gangbru i glas.
Fordi bygningane er verneverdige, tenkjer arkitekten seg at brua skal gå inn i ei eksisterende vindusopning i 2. etasje i Storgata 3. Det gjer at fasaden kan tilbakeførast.
Dersom forslaget går gjennom, kan bygginga i beste fall starte om 6 til 8 månader, sier Pedersen.
– Regelbrot
Aasen Sandved mener ei slik bru vil være eit klart brot på reglane i Ålesund kommune sin reguleringsplan. Der heiter det blant anna at fasadar og fasademessig utstyr skal bevarast i si heilheit, seier han.