Hopp til innhold

«Vennebenk» skal hindre einsemd i skulegarden

Fleire skular i fylket har no fått eigne «Vennebenkar» som skal vere ei hjelp i kampen mot mobbing og einsemd blant barna.

Vennebenk ved Aure skule

Elevane og rektor ved Aure skule samlar seg rundt den nye «Vennebenken»

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

I friminutta på skulen hender det av og til at nokon fell utanfor. Då er det ikkje alltid så lett å vite kva ein skal gjere. Ein «Vennebenk» skal gjere kvardagen mykje lettare for dei som fell utanfor, og fleire skular rundt omkring i Møre og Romsdal har no fått slike benkar.

Elevrådsleiar ved Aure skule, Sofie Verpesdal, fortel at benken er viktig for å redusere einsemd på barneskulen. Ideen til benken var det elevane i 5. klasse som kom med.

– Vi las om det i Aftenposten junior og tenkte det kunne vere noko for oss. No ser vi lettare kven som treng nokon å leike med, seier Ida, ein av 5.-klassingane bak ideen.

– Eg synest det var ein veldig god idé. Vi har bruk for ein slik benk slik at ingen blir aleine, seier Verpesdal.

Høyr innslaget her:

Kom frå USA

Det var åtte år gamle Christian Becks i USA som først starta benktrenden. Han fekk ein idé om ein benk der einsame elevar kunne sete seg for å vise at dei trengde nokon å leike med. Og slik oppstod «Vennebenken». Sidan har liknande benkar blitt sett opp ved fleire skular både i Noreg og i andre land.

Vennebenk ved Aure skule

Elevane ved Aure skule likar den nye benken.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

I Sykkylven har Lions bestemt seg for å gi ein slik benk frå BYRG til alle barneskulane i Sykkylven. Rektor ved Aure skule, Ole Jostein Fet, fortel at ordninga har fungert veldig bra.

– No har ikkje vi hatt benken så lenge, men vi har hatt eksempel på at elevar har sete seg på benken aleine og at dei då blir kontakta av dei andre elevane, seier han.

Fet trur «Vennebenken» kan vere eit viktig trivselstiltak for elevane ved skulen.

– Det betyr at fleire kanskje trivst og får vener å leike med. Dersom dei føler seg litt utanfor ein dag kan dei setje seg på benken og bli sett av dei andre, seier han.

Også på Nordmøre spreiar «Vennebenk»-prosjektet seg:

Vennebenk-prosjektet spreier seg på Nordmøre. I dag blei to nye benkar plassert ut på skular i Kristiansund. Tanken er at vennebenken skal vere ei hjelp i kampen mot mobbing og einsemd blant barna.