Hopp til innhold

«Valkampbilete» vekte oppsikt

Eit bilete som ser ut til å vere ein del av valkampen til Stordal Høgre har ført til sterke reaksjonar på nett dei siste dagane.

Stordal Høgre

Slik såg bilete som har blitt spreidd gjennom sosiale medium dei siste dagane ut.

Foto: skjermdump

Valglogo

Med teksten: «Stordal trenger nye arbeidsplassar. Det blir det viktigaste arbeidet dei neste 4 åra. Kven vil DU gi det ansvaret til? Høgre (Bedriftsleiarar, gründerar, marknadsførarar, fabrikktilsette, studentar) eller Ap/Sp/KrF (Lærarar, sjukepleiarar, barnehagetilsette, bønder og studentar). Bruk stemmeretten din, gi din stemme til Høgre», har eit bilete, som kan sjå ut til å vere frå Stordal Høgre, blitt spreidd på sosiale medium det siste døgnet.

Ordførarkandidat for Ap, Eva Hove, seier at ho vart skuffa då ho først fekk høyre om biletet.

– For det første er det ein grov underkjenning av kompetansen til både sjukepleiarar, lærarar, bønder og andre. Og for det andre så stemmer det ikkje, det er mykje større variasjonar på linsene enn det er framstilt her, seier ho.

Beklagar feilen

Bilete har blitt delt ein rekke gongar på Facebook og har vekt sterke reaksjonar både blant andre politikarar og innbyggarane i Stordal.

Det originale bilete stammar frå ein blogg som er laga av ein av listekandidatane til Stordal Høgre i samband med valkampen.

– Eg beklagar på det sterkaste at dette bilete vart publisert. Bilete var ein del av eit utkast til min personlege blogg som vart laga for å sjå korleis ein kunne kombinere tekst og bilete, Frode Færøy.

Han seier at bilete aldri skulle publiserast, men at det i ei kort periode var ein skisseversjon og ikkje den endelege versjonen av bloggen som viste på sida. I løpet av den tida fekk nokon snappa opp bilete og delt det vidare.

– Ikkje ein del av Høgre sin politikk

Færøy gjekk også ut på Facebook torsdag for å beklage det som hadde skjedd: «Eg beklagar både ovanfor mine eigne, og ikkje minst dei andre i det politiske miljøet i Stordal», skreiv han.

Han full forståing for at bilete har vekt reaksjonar.

– Eg hadde sikkert reagert på det sjølv dersom det var eit anna parti som hadde gjort det, så det skjønner eg veldig godt, seier Færøy.

– Det er viktig for meg å presiserer at dette var eit privat initiativ frå mi side, og at Stordal Høgre ikkje hadde noko med dette bilete og gjere, og at det ikkje er ein del av den politikken dei fører, held han fram.

Førstekandidat for Høgre i Stordal, Jan Are Remme, stadfestar at bilete ikkje har noko med partiet sin politikk å gjere.

– Det som står på bilete er ikkje noko Stordal Høgre står inne for og det er ikkje ein del av vår valkamp, seier han.

Har gjort inntrykk

Hove registrerer at det blir sagt at dette ikkje er ein del av den offisielle valkampen til Høgre, men slik det vart presentert – av den lokale partileiaren og med Høgrelogoen, var det all grunn til å oppfatte det slik.

Eva Hove

Ordførarkandidat for Ap, Eva Hove, seier at ho vart skuffa då ho først fekk høyre om biletet.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Også andre deler av bloggen var svært nedlatande. Dette kom svært overraskande, ettersom eg i tre periodar har samarbeidd svært godt med to høgreordførarar – Olav Bratland og Charles Tøsse.

– Eg reagerte med ta kontakt med mine samarbeidspartnarane i partiet, og sa at eg følte meg provosert av utsegna. No veit eg at bloggen som bilete er henta frå har blitt endra i etterkant, men inntrykket det skapte står heil klart igjen, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL