Totalt er «Vaffelhjarte» selt til 16 land, inkludert Kina, Japan og Russland. I Storbritannia er det tradisjonsrike forlaget Walker Books som skal gi ut boka, i USA forlaget Candlewick.
Les også:
Barne TV
Boka «Vaffelhjarte» har også blitt TV-serie på NRK i haust, og vil også bli sendt som familieunderhaldning på NRK1 i jula.
Maria Parr frå Fiskå i Vanylven (f. 1981) debuterte med «Vaffelhjarte» i 2005. Boka vart mellom anna nominert til Brageprisen.
I 2009 kom ho med boka «Tonje Glimmerdal» som vann Brageprisen det året:
Denne boka er førebels selt til ni land.
Høyr:
Stolt
Edmund Austigard, forlagsdirektøren i Samlaget, er stolt over Parrs suksess i utlandet.
– Det er imponerande at Maria Parr etter berre to bøker er blant dei mest omsette norske barnebøkene i utlandet.
– Det viser den store og allmenngyldige appellen ho har. Vi er takknemlege for å gi ut forfattaren som bokmeldarar verda rundt samanliknar med Astrid Lindgren, seier han.
Sjå video: