Hopp til innhold

– Spesielt at statsråden engasjerer seg slik

– Det er svært uvanleg at ein statsråd grip inn på den måten Bent Høie har gjort i Helse Midt-Noreg. Det meiner redaktør Magne Lerø i Ukeavisen Ledelse.

Magne Lerø

Redaktør Magne Lerø i Ukeavisen Ledelse meiner det har vore ein uvanleg prosess rundt avgangane i Helse Midt-Noreg.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

MArthe Styve Holte

Måndag sa Marthe Styve Holte frå seg vervet som styreleiar i Helse Midt-Noreg med umiddelbar verknad.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix
Trond Michael Andersen

Trond Michael Andersen sa opp stillinga si som adminstrerande direktør i Helse Midt-Noreg tysdag kveld.

Foto: Helse Midt-Norge
Bent Høie

Statsråd Bent Høie stadfesta tysdag kveld at dei hadde blitt varsla om forhold i leiinga ved Helse Midt-Noreg.

Foto: Erik Waage / NRK

Uroa i Helse Midt-Noreg førte måndag til at styreleiar Marthe Styve Holte gjekk på dagen. Ho forklarar avgangen med at statsråden gav henne beskjed om å gi direktør Trond Michael Andersen sparken innan ei veke, og at ho opplevde dette som mistillit mot seg som styreleiar.

Det har ulma i forholdet mellom direktøren og dei tilsette, som toppa seg med at dei tilsette sist veke sende brev til departementet der dei kravde at direktøren gjekk av.

Lerø seier statsråden har rett til å gripe inn, men meiner likevel det er underleg at Høie har hatt så dårleg tid.

– Det er ikkje vanleg at ein statsråd ringer ein fredags ettermiddag og ventar at han skal få klarsignal i løpet av helga for at direktøren skal sparkast, for å seie det slik. Så det er absolutt ein del uvanlege ting som har skjedd her, seier Lerø til NRK.

– Har reagert på det han har høyrt

Lerø seier det er tydeleg at Høie har reagert på det han har blitt fortalt om forholda i helseføretaket og at han difor har ønskt å gripe inn med ein gong. Han trur statsråden ikkje har sett andre utvegar enn at direktøren går av. Han er likevel overraska over prosessen.

– Som eigar har han all rett til å gripe inn. Men Styve Holte har også rett når ho seier det er styret som skal avgjere om dei har tillit til direktøren. Så her har begge stått på prinsippa sine og då er den den som har makta, altså eigar, som vinn, seier Lerø.

– Men det er klart det er spesielt at ein statsråd engasjerer seg på denne måten, og det har tydelegvis også Styve Holte meint, seier han.

Meiner Styve Holte ikkje hadde noko val

I ein leiarartikkel i Ukeavisen Ledelse skriv han at Styve Holte i realiteten hadde få andre moglegheiter enn å trekkje seg slik situasjonen blei.

– No har vi ikkje høyrt på den dialogen, men det kan jo verke som om han ville ha handling med ein gong. Det normale ville vel vore at ho sa ja til kravet, men at ho treng eit par månader til å køyre ein prosess og involvere styret. Og at ho fekk høve til det.

Når ho ikkje har fått det, meiner Lerø utfallet var gitt.

– Eg trur også Høie har vore klar over at dei fleste profesjonelle styreleiarar ikkje ville finne seg i å bli stilt overfor det som nærmast er eit diktat frå ein statsråd. Dei fleste ville nok gjort akkurat som ho gjer, altså trekkje seg, seier Lerø.