"Tunnelkonge" feirar bompengeslutt

Han har reist gjennom Eikstundtunnelen mellom 8 og 9000 gonger sidan opninga i februar 2008. No jublar han for bompengeslutten laurdag ettermiddag, 14. juni.

Tunnelkongen Bjarte O. Myklebust.

Bjarte O. Myklebust flaggar for at det vert bompengefritt gjennom Eiksundsambandet laurdag 14. juni. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Tunnelkongen Bjarte O. Myklebust

Ikkje tvil om kven som køyrer denne 'doningen'

Foto: Arne Flatin / NRK

Bjarte O. Myklebust frå Myklebust i Ørsta kommune arbeider i Vartdal Plast der han er vogntogsjåfør. Kvar dag vert det ofte tre rundturar til Eggesbønes med last til fiskeindustrien der.

– Eg trur ikkje det er mange som har fleire turar gjennom tunnelholet enn meg, seier den humørfylte sjåføren som var bussjåfør i mange år før han fekk meir ordna arbeidstider i vartdalbedrifta.

– Det er jo eit stort pluss at ein kan kome heim att kvar kveld. Eg har vore på vegen i 24 år både med buss og lastebil. Eg trivst utruleg godt med den jobben eg har no.

Før Eiksundsambandet kom gjekk ferja mellom Rjåneset og Eiksund og då hadde det vorte ein annan tur for Myklebust.

– Det er ein revolusjon alle samband me kan få anten det er tunnel eller bru. Det var kortare tur for oss frå Vartdal med ferja kvar gong me skulle ut på øyane, men det er meir flyt med tunnel og bru. Ferja vart meir som ein kamp mot klokka.

Tunnelkongen Bjarte O. Myklebust

Duftflasker som passar for ein tunnelkonge

Foto: Arne Flatin / NRK

Tunnelkongen

I fronten på vogntoget i førarhytta står det to kongekruner. Det er duftflasker som passar godt til mannen som har fått tilnamnet "tunnelkongen" av kollegaene og andre kjende fordi han køyrer så mange turar gjennom Eiksundtunnelen.

Flott tunnel

– Det er ein flott tunnel dette her, sjølv om det har vore nokre havari, også nokre alvorlege. Eg har sjølv opplevd å få hjul frå ein lastebil i fronten. Heldigvis gjekk det bra!

– Det er klart at det er mange som jublar no etter seks og eit halvt år med bompengar. Trafikken har vore enorm og endå fleire kjem til å ta turen no når det vert gratis å køyre tunnelen, seier Myklebust.

– Både næringsliv og private sparer mykje pengar no når dei slepp å betale. Og saman med Kvivsvegen har dette vorte ei flott strekning.

Bjarte O. Myklebust tek ofte den første turen frå Vartdal alt i 6-tida om morgonen og hamnar ofte på Marine Harvest sitt anlegg på Eggesbønes. Neste tur frå Vartdal er gjerne rundt klokka 09:30, medan siste tur for dagen går frå anlegget til Vartdal Plast i 12:30-tida.

Tunnelkongen Bjarte O. Myklebust

Bjarte O. Myklebust trivst bak rattet!

Foto: Arne Flatin / NRK