Hopp til innhold

«Toya» kjempa om siger i NM i blodspor

Hundar som blir brukt som ettersøkingshundar i søk etter skadeskote vilt kan konkurrere om å vera best i det dei har lært. I helga var det NM i blodspor i Sykkylven, og «Toya» var finalist.

Toya er deltakar i NM i blodspor

FINALIST: «Toya» vart rasemeister blant dachsar i 2014. I år var 40 hundar frå heile landet med i NM i blodspor, og «Toya» var ein av seks hundar som deltok i finalen laurdag kveld.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Mona Asbjørnsen frå Drøbak med Wilma

DELTOK: Ein av dei som deltok er Mona Asbjørnsen frå Drøbak, saman med hunden «Wilma». For å venne seg til terrenget, så hadde dei to trent i fjellet dei siste fjorten dagane. I 2014 vart «Wilma» nummer to.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Dei beste i Noreg har kvalifisert seg til NM, og deltakarane er hundar som har utmerka seg. Deltakarane kjem frå heile landet, heilt frå Arendal til ganske langt nord, seier Kjersti Hattlestad frå Sykkylven.

Brukast i kvardagen

Kjersti Hattlestad var på heimebane då ho deltok i NM i blodspor på Fjellsetra i Sykkylven i helga. I alt 40 hundar frå heile landet var med i NM, og mange av desse blir brukt som ettersøkingshundar i søk etter skadeskote vilt.

Kjersti Hattlestad

HEIMEBANE: Kjersti Hattlestad frå Sykkylven var på heimebane med to hundar under NM.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Dei blir brukt til å leite opp skada hjort, til dømes viss folk er uheldig og køyrer på dei, seier Hattlestad.

– Alle jegerar er også forplikta til å ha ein avtale med ein godkjent ettersøkingshund som kan leite opp eventuelle skadeskotne hjortedyr for å kunne avgjere om dei ha livets rett, eller om dei må avlivast, seier ho.

(Saka held fram under biletet)

Kjersti Hattlestad frå Sykkylven med hunden Molly

FANN BYTTE: Her går Kjersti Hattlestad frå Sykkylven med hunden Molly. Kjersti stiller med to hundar, og begge fann bytte sitt.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Søkjer spor

I NM i blodspor går hundane og eigarane saman i ei løype på omtrent 600 meter der er det lagt inn forskjellige hinder. Saman skal dei finne spor som er lagt ut, og på dette sporet er det tre desiliter blod.

Kjersti Hattlestad med hunden Molly

NØGD: Her er hunden «Molly» med eigar Kjersti Hattlestad under NM i blodspor. «Molly» var nøgd med jakttrofeet, ein hjortefot.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Alle som deltek i NM går innleiande rundar, og i finalen er det seks hundar som deltek. Kjersti Hattlestad deltok med to hundar, og for at dei skal bli gode så trenar ho to til tre gongar i veka med dei.

Begge hundane fann bytte sitt, men det heldt likevel ikkje til finaleplass.

– Eg er veldig nøgd med begge hundane mine, og spora eg fekk. Det er mange som har gått bra i dag, så me er mange om beinet, seier Kjersti.

Gjekk ikkje til topps

Hans Einar Kristoffersen

FINALIST: Hans Einar Kristoffersen deltok i NM i blodspor med den strihåra dachsen sin «Toya». Dei to var med for fjerde gong, og var med i finalen. Det vart ikkje siger denne gongen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Hans Einar Kristoffersen frå Hundeidvik deltok med sin strihåra dachs, «Toya». Dei to var med i NM for fjerde gong, og eigaren var svært nøgd etter den innleiande runden.

Det er kanskje ikkje utan grunn, for i 2014 vart «Toya» rasemeister blant dachsar, og laurdag kveld var «Toya» ein av seks finalistar.

Olav Kåre Solvang

NØGD: Olav Kåre Solvang var nervøs i finalen, og det vart ikkje siger. Han var nøgd med å vore ein av seks finalistar.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Siger vart det ikkje, verken for han eller konkurrent Hans Olav Solvang frå Ørsta. Dei mista begge sporet, og for Solvang gjekk ikkje så bra, for han var nemleg nervøs.

– Eg er strålande nøgd med hunden, men eg hadde høge skuldrer, så det gjekk ikkje så bra. Eg var svært nervøs, seier han.

Han legg til at viss han sjølv hadde hatt litt meir is i magen, så kunne det gått betre.

– Det er likevel ein siger å komme til finalen som ein av dei seks. Det er heilt rått, for å kome så langt med ein elghund i dette miljøet synest eg er topp. Det betyr eigentleg alt, seier han.

Dei andre finalistane var Espen Vatne, Anders Andersen, Helene Berglund og Endre Hovden. Vinnaren blir annonsert laurdag kveld.