SMS
I går spreidde denne tekstmeldinga seg i det unge bilmiljøet i Kristiansund:
Vi mener at politiet i Kristiansund har viktigere ting å bekymre seg for enn noen stakkars rånere som liker å bruke tiden og pengene sine på bil. Derfor arrangerer vi sypaticruising for rånere i Kristiansund i kveld. Starter med oppmøte på parkeringsplassen på Futura klokka halv ni.
Ta med masse lyd og høy musikk!
Rånarane samla ved Futurasenteret. Foto: Olaug Bjørneset
Rånartog
Frå Futurasentret køyrde så over hundre ungdommar til ferjekaia på Devoldholmen, ein vanleg samlingsstad for bilungdommen i Kristiansund.
Då NRK snakka med ungdommane, sa fleire at politiet burde konsentrere seg om å ta dei som verkeleg køyrer ulovleg og er farlege i trafikken. Det er feil å jage alle vekk frå samlingsstaden deira og truge med å ta frå vanlege rånarar førarkortet, meinte dei.
- Vi må gjere noko for få tilbake den einaste plassen vi har å halde til med bilane våre. Ungdommen blir nedprioritert, seier Fredrik Lervik (t.v.) og Thomas Rønninghaug. Foto: Olaug Bjørneset
Klager
Både dei som bur ved Devoldholmen og andre trafikantar har ofte klaga over bilkøyringa i området. Fleire seier dei ikkje får sove om natta.
I det siste har politiet vore i rånarmiljøet på Devoldholmen om kvelden og notert namn og bilnummer.
- Ungdommen hevdar at vi tek frå dei eit tilbod, men å lage bråk og bryte vegtrafikklova er ulovleg, og det vil vi ha slutt på, seier politiavdelingssjef Michael Frey